Forskingspris for banebrytande forsking på barnediabetes

Professor ved Universitetet i Bergen og barnelege ved Haukeland universitetssjukehus, Pål Rasmus Njølstad, får forskingsprisen i Helse Vest for sitt mangeårige og banebrytande arbeid med diabetes hjå barn.

Prisvinnar Pål Rasmus Njølstad med statuett og blomar.

I Noreg lever omlag 245.000 personar med diabetes. Hovudinndelingane er type 1, som er ein autoimmun sjukdom og råkar born og unge, og type 2 som i større grad er knytt til livsstil og råkar vaksne. Men innanfor hovudinndelingane finst ulike variantar.

– Berre innanfor arveleg diabetes er det fleire enn 40 typar, seier Pål Rasmus Njølstad, som har vore med å utvide talet på typar diabetes vi kjenner til.

Treng ikkje sprøyter

Ved å identifisere den genetiske bakgrunnen for ulike typar barnediabetes, har han klargjort eit skilje mellom diabetes 1 og andre formar diabetes hjå barn. Som då det dukka opp ein seks veker gamal baby med diabetes, men som ikkje passa i den vanlege type 1-kategorien.

Det var alvorleg, og barnet trengte insulin. Men noko var pussig

Dei fann ut at den unge pasienten hadde ei endring i ein kaliumkanal. Dette var ei viktig oppdaging fordi diabetesmedisinen sulfonylurea, som ein kan ta som tablettar, bind seg til denne kaliumkanalen og fører til auka utskiljing av insulin.

På den tida blei denne medisinen berre brukt til å behandle personar med type 2-diabetes. Barn hadde tidlegare ikkje fått denne medisinen, fordi ein trudde alle barn med diabetes hadde type 1.

Njølstad og kollegaene tenkte om denne medisinen også kunne verke på eit lite barn med diabetes og feil i kaliumkanalen.

– Vi gjorde eit behandlingsforsøk med heile familien til stades. Og det verka! seier han.

Viktig oppdaging

Oppdaginga har hatt stor betyding for alle med denne undertypen. Dei kan nå kan få enklare og betre behandling. I staden for sprøyter med insulin før kvart måltid, kan dei ta små tablettar eit par gonger dagleg.

Dei treng heller ikkje måle blodsukker før kvart måltid, eller rekne ut kor mykje dei treng, ut frå planlagd trening eller aktivitet.

Denne behandlinga gir betre kontroll, og pasientane har mykje lågare risiko for komplikasjonar seinare i livet.

Truleg fleire med denne typen

Funnet fekk stor merksemd, med artiklar i store og anerkjente medisinske tidsskrift som New England Journal of Medicine, Lancet Diabetes and Endocrinology og Diabetes. No planlegg Njølstad og medarbeidarar eit screening-arbeid for å undersøkje vaksne som har hatt diabetes sidan dei var små.

– Truleg er det fleire som ikkje veit dei har denne typen. Det er relativt sjeldan, men på verdsbasis kan det gjelde fleire tusen. Vi er også på jakt etter diabetes på grunn av variantar i andre diabetesgen. Fleire av desse typane kan også nytte tablettar i staden for insulin. 

Best mogleg tilpassa medisin

Etterkvart som forskarar oppdagar nye diabetesformar og lærer meir om kva som fungerer for den enkelte, kan behandling og medisinering tilpassast betre. Njølstad brenn for presisjonsmedisin.

– Vi arbeider heile tida for at behandlinga skal bli meir presis. Med hjelp av kombinasjonen kliniske, genetiske og cellebiologiske data kan vi finne fram til presis diagnose og skreddarsy behandling med færre biverknadar, seier han.

Utviklar nye metodar for å berekne diabetesrisiko (Universitetet i Bergen)

Med brei erfaring som både forskar og barnelege, har forsking og praksis alltid gått hand i hand for Njølstad. Brubygginga går begge vegar; interessante tilfelle i praksis kan vekke forskarlysten, og andre vegen blir det lagt vekt på at forskingsresultat skal ha nytte for pasientane.

– Eg har hjertet i både forsking og klinikk, og eg er heldig som får vere på begge arenaene. Det gir eit større perspektiv å sjå god pasientbehandling og forsking saman. Diabetesmiljøet i Bergen er fantastisk og stimulerande, seier han.

Han meiner samarbeid mellom sjukehus og universitet er avgjerande for at denne typen forsking er mogleg.

– Eg er heldig som får arbeide i eit miljø der dette er svært godt, og håper våre resultat kan vere inspirerande for unge legar og forskarar.

Diabetesgruppa på Haukeland universitetssjukhus (Helse Bergen)

USA-opphald endra alt

Internasjonalt nettverk og samarbeid har også stått sentralt i arbeidet hans. Det første utanlandsopphaldet, i Chicago i 1989, påverka han mykje.

– Eg kom til det beste miljøet på den tida og fekk eit heilt anna perspektiv. I tillegg til nettverk og kontaktar, lærde eg å ha høge ambisjonar. Det er lettare å nå langt når ein siktar høgt. Det blei ein «game changer», seier han.

Sidan har det blitt  fleire inspirerande og lærerike opphald ved amerikanske sjukehus i Boston og Cambridge.

Baard-Christian Schem, Pål Rasmus Njølstad og Ralf Kellmann.

Baard-Christian Schem (fagdirektør), Pål Rasmus Njølstad (vinnar forskingsprisen) og Ralf Kellmann (vinnar innovasjonsprisen). Foto: Silje Katrine Robinson

Om forskingsprisen i Helse Vest

Forskingsprisen blei, saman med innovasjonsprisen, delt ut under styremøtet i Helse Vest 4. november

Komiteen legg i si grunngiving vekt på at den banebrytande forskinga til Njølstad betyr mykje for kronisk sjuke born.

– Betre forståing av sjukdomsmekanismane og terapi gir mange år med betre livskvalitet for denne pasientgruppa. Betra livskvalitet omfattar òg i praksis foreldre og næraste familie til desse borna, heiter det i innstillinga.

Njølstad set stor pris på tildelinga

– Det er veldig kjekt, og veldig stimulerande. Som lege og forskar prøver eg heile tida å kople forsking og klinisk nytte. Difor er det ekstra kjekt å få ein pris frå helseføretaket og anerkjenning av vår kliniske forsking, seier han.

Prisen er på 200.000 kroner, ein skulptur av Aino Jensen, eit bilete av Rolf Nerli og eit diplom.