Forslag til priskandidatar til utdanningsprisen for 2020

No er det mogleg å nominere kandidatar til utdanningsprisen i Helse Vest for 2020. Fristen for å nominere kandidatar, er sett til 19. oktober.

Banner med mennesker på. Foto og grafikk.

Helse Vest deler kvart år ut ein utdanningspris. Formålet med prisen er å fokusere på den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka, og gi merksemd til eit tiltak som på særleg godt vis framhever dette. Tiltaket som blir premiert må i samhandling heve og fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Den årlege utdanningskonferansen er dessverre avlyst på grunn av koronasituasjonen.

Vi vil finne ei god anledning i seinare i haust til å dele ut prisen.

Nominasjonar kan sendast på e-post til hilde.nesse@helse-bergen.no

Statuttar for prisenLes meir om utdanningskonferansen