God framdrift i byggjeprosjekta i regionen

Dei største byggjeprosjekta i Helse Vest går som planlagt og vil truleg halde framdriftsplanane sine trass i koronapandemien. Pandemien har kravd tilpassingar på byggjeplassane og det er nokre utfordringar knytt til bemanning og levering av utstyr, men førebels er framdrifta i liten grad blitt påverka.

Byggjeplass SUS2023
SUS2023: Arbeidet går meir eller mindre som normalt med bygging av nytt universitetssjukehus på Ullandhaug i Stavanger. Foto: Ingveig Tveranger.

Det er store byggjeprosjekt under arbeid i alle føretaka i Helse Vest. Bygging av nytt universitetssjukehus i Stavanger, nytt barne- og ungdomssjukehus i Bergen og nye sjukehusbygg i Haugesund og i Førde. Dette er krevjande og store prosjekt med mange involverte, men førebels går det meste etter planen.

– Føretaka melder om at det ikkje er vesentlege avvik i byggjeprosjekta og det er vi veldig glade for. Medarbeidarar i helseføretaka og hos leverandørane jobbar godt for å halde både kvaliteten og tempoet oppe, sjølv om det må gjerast endringar som følgje av koronapandemien. Det er viktig at smittevern på byggjeplassane blir ivareteke på ein god måte, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Gjer kva dei kan for å halde hjula i gang

Glasblokkene, det nye barne- og ungdomssjukehuset i Helse Bergen, har vore under planlegging på Haukeland universitetssjukehus heilt sidan slutten av 1990-tallet. I 2016 blei første byggetrinn tatt i bruk, og etter planen skal Glasblokkene stå komplett ferdige i 2023.

Når alle blokkene står klare, skal heile Barne- og ungdomsklinikken flytte inn saman med Kvinneklinikken i det som vil bli det mest komplette sjukehuset i Noreg for barn, unge og fødande. Store delar av den gynekologiske verksemda ved Kvinneklinikken flyttar også til Glasblokkene.

– Førebels går arbeidet med byggetrinn 2 av Glasblokkene som planlagt, både når det gjeld kost og framdrift. Det har vore noko redusert bemanning grunna covid-19, men vi har fokusert på å leggje til rette for tiltak som dei respektive arbeidsgivarane ønskjer å sette i verk. Både vi og entreprenørane har eit klart ønske om å halde hjula i gang og å unngå permitterteringar, seier direktør drifts/teknisk divisjon i Helse Bergen, Askjell Utaaker.


Byggjearbeid Glasblokkene på Haukeland

Arbeidet med fase 2 av Glasblokkene på Haukeland går som normalt trass i koronapandemien. Foto: Helse Bergen.

Godt samarbeid

Sjølv om alt førebels går etter planen skal det lite til før enkelte utanlandske leveransar stansar opp, som følgje av nedstenging av produksjonsanlegg, transportforhold og anna knytt til koronapandemien. Dette er ein krevjande situasjon for alle byggjeprosjekt, spesielt for eit av landets største sjukehusutbyggingsprosjekt, SUS2023. Likevel har god dialog mellom partane gjort at dei førebels har kunna planleggje rundt desse utfordringane.

– Førebels har ikkje dette medført større utfordringar enn vi og entreprenørane har kunna handtere. Dei aller fleste av kontraktane vi har lyst ut, er vunne av selskap på Nord-Jæren. I tillegg er SUS2023 eit av verdas mest digitale byggjeprosjekt og bruk av BIM (Bygnings Informasjons-Modellering) i byggeprosessen, gir detaljerte virtuelle byggjeteikningar.

Det gjer at det er greitt at fleire som er med i planlegginga no har heimekontor. Berre dei frå byggherre og entreprenørar som treng å vere på plass i brakkene på byggjeplassen for å halde framdrifta, er tilstade fysisk, seier prosjektdirektør i SUS2023, Kari Gro Johanson.

Dei første flyttar inn i 2023

Første byggetrinn for det nye universitetssjukehuset i Stavanger skal stå klart i 2023. Då vil somatisk døgnbehandling, nødvendige radiologi- og laboratoriefunksjonar for døgnbehandling og akuttfunksjonar, i tillegg til delar av dagbehandling og poliklinikkareal med tilhøyrande støtte- og serviceareal vere samla på Ullandhaug. Planen er å flytte all somatisk verksemd til det nye sjukehuset innan 2030. Også i Helse Førde og Helse Fonna går byggjearbeidet meir eller mindre som normalt.

– Vi kan sjølvsagt møte utfordringar i tida som kjem, alt etter korleis smitta utviklar seg, både knytt til bemanning lokalt og frå utlandet og til tilgangen på utstyr til bygg. Men vi har eit godt utgangspunkt for å handtere dette, nemleg den gode dialogen som er mellom utbyggjarane og leverandørane. Dette er noko vi innstilte på å få til i lag, seier Bryne.