Gradvis opptrapping av planlagt aktivitet

Sjukehusa på Vestlandet trappar gradvis opp den planlagde aktiviteten etter at dei har måtte setje ei rekkje sjukehusavtalar på vent dei siste vekene for å handtere koronapandemien. Beredskapsnivået blir òg endra frå gult til grønt. Når sjukehusa vil vere tilbake i normal drift vil avhenge av utviklinga av pandemien i befolkninga.
illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik

Helse Vest RHF har vore i gul beredskap sidan 12. mars, basert på utviklinga av koronautbrotet nasjonalt og internasjonalt. Det betyr at vi har handtert situasjonen med utvida innsats og ekstra ressursar og tiltak. Omorganisering av drift har vore heilt nødvendig for å handtere koronapandemien.

Omdisponering av ressursar og endring i aktivitet er del av beredskaps- og smittevernplanane som sjukehusa har. Det betyr, blant anna, at den aktiviteten som kan har vore lagt til video og telefon, nokre avtalar er utsette på bestemt eller ubestemt tid og andre er tilviste til private aktørar som har avtale med sjukehusa.

Når vi no ser at situasjonen for smitte og sjukehusinnleggingar som følgje av covid-19 stabiliserer seg vurderer sjukehusa fortløpande, også med bakgrunn i regjeringa si avgjersle, å trappe opp igjen planlagd aktivitet. Sjukehusa vil samtidig sørgje for at smittevern og den beredskapen som er nødvendig blir ivareteken, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Frå gul til grøn beredskap

Gjennom klok åtferd frå folk flest og svært god effekt av tiltaka til Regjeringa som blei sette i verk 12. mars, har smittespreiinga blitt redusert til eit minimum. Regjeringa varsla 7. april 2020 ei gradvis opning av nokre helsetenester der særlig eit normalisert tilbode til sårbare barn og unge skal vektleggjast.

Oppstart av sjukehustilbod vil vere godt førebudd og i kontrollerte formar. Sjukehusa har derfor sidan påske lagt planar for ei gradvis opptrapping av den normale drifta. Det skal vere trygt på sjukehuset, både for pasientar og medarbeidarar, seier Bryne.

Sjukehusa i Helse Vest er framleis i beredskap, men beredskapsnivået er no redusert frå gult til grønt. Det betyr at situasjonen framleis er krevjande og krev auka merksemd men at det no er eit meir avgrensa behov for ekstra ressursar.

Førebudde på langvarig handtering av koronapandemien

Oppdaterte scenario frå Folkehelseinstituttet (FHI) indikerer ein lågare pandemitopp, med få pasientar dei nærmaste vekene, men med gradvis aukande tilstrøyming av covid-19-pasientar utover sommaren og hausten, og dermed ei meir langvarig pandemibølge.

Prioriterte oppgåver for det regionale helseføretaket er å sikre nok utstyr og koordinere godt mellom nasjonale myndigheiter og lokal oppfølging. Det handlar om at pasientane skal få trygg behandling og at våre medarbeidarar kan vere trygge når dei gir den. Vårt ansvar er å leggje føresetnadene best mogleg til rette for at sjukehusa i regionen, kvar for seg og saman, greier dette gjennom ein felles innsats og ved å hjelpe kvarandre, seier Bryne.

Det er viktig at vi alle held fram med å følgje anbefalingane frå FHI og sentrale myndigheiter slik at vi klarer å halde smittespreiinga nede, sjølv om nokre av dei strenge tiltaka no blir oppheva.