Haukeland universitetssjukehus får sitt første Senter for forskningsdrevet innovasjon

«Centre for research-based innovation on Mobile Mental Health» blir Haukeland universitetssjukehus sitt første Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI). Senteret er eitt av 22 nye sentre som får to milliardar kroner frå Forskningsrådet.

Tine Nordgreen. Foto.
Senterleiar Tine Nordgreen. Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen

Dei nye Sentrene for forskningsdrevet innovasjon (SFI) får finansiering i inntil åtte år, og startar opp til hausten.

Senteret i Bergen skal forske på utvikling og spreiing av digitale intervensjonar innanfor mental helse i samarbeid med e-helsenæringa, og har fått innvilga inntil 183 millionar kroner, der 96 millionar kroner er frå Forskningsrådet, over dei neste åtte åra.

– Vi har vore kjempespente, og er svært glade for at psykisk helse får denne mogelegheita. Målet vårt er å nå ut til fleire med behandling, og vi håper dette vil gjere det mogleg å halde fram med det vi er i gang med gjennom Intromat-prosjektet, seier senterleiar Tine Nordgreen.

Haukelands administrerande direktør Eivind Hansen er godt fornøgd med tildelinga:

– Gratulerer, dette er svært godt jobba! Tusen takk for god innsats og viktig utvikling av ei teneste som har og vil få stor betyding for pasientane våre, seier han.

Mange partnarar


Forskingspartnarar i det nye senteret vil vere Universitetet i Bergen, Handelshøyskolen BI, St. Olavs hospital og Nasjonalt senter for e-helseforskning, samt tre internasjonale universitet (Vrije Universiteit, Amsterdam; University of Southern Denmark; Macquarie University, Sydney).

Du kan lese meir på nettsidene til Forskningsrådet:

Saka blei først publisert på helse.bergen.no