Helse Vest i gul beredskap

Helse Vest RHF er i gul beredskap basert på utviklinga av koronautbrotet nasjonalt og internasjonalt.

 

–  Vi har jobba kontinuerleg med situasjonen sidan dei første meldingane om koronaviruset kom ved nyttår. Det har heile tida vore viktig med regional koordinering, særlig knytt til ressursar og utstyr, og no ser vi at vi at vi har ein situasjon som må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak. Dette sikrar vi med å sette gul beredskap. Medarbeidarar og befolkninga skal kjenne seg trygge på innsatsen som blir gjort for å sikre situasjonen, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen.

WHO karakteriserar no utbrotet av koronaviruset som ein pandemi. Sjukehusa på Vestlandet har gode beredskapsplanar og er godt førebudde på å handtere koronaviruset, men merker allereie verknadane på fleire område, særleg når det gjeld tilgang på utstyr.

Det er eit betydelig fokus på at vi kan stå overfor eit ekstraordinært press i spesialisthelsetenesta i tida som kjem. Helse Vest har satt i gang ulike tiltak for å skaffe nok utstyr som for eksempel andedrettsmasker. Sjukehusa har allereie fleire medarbeidarar i heimekarantene, og ein legg løpande planar for bemanning og intensivkapasitet.

 Helse Vest RHF har tett og jamleg kontakt med nasjonale myndigheiter og helseføretaka for å sikre at vi kan ivareta pasientar og medarbeidarar på ein god måte. Vi følgjer utviklinga tett, seier Herlof Nilssen.

Hos Folkehelseinstituttet ligger det også råd og rutinar som skal følgjast av helsetenesta ved mistanke om utbrot.

Informasjon om koronasmitte

Folkehelseinstituttet (FHI) og helsenorge.no har laga gode informasjonssider med fakta og råd om koronaviruset. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringje Helsedirektoratets informasjonstelefon på 815 55 015.


Dersom du trur du er smitta, ring fastlegen din. Om du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på telefon 116 117.