Helse Vest RHF lyser ut 14 millonar til innovasjonsprosjekt

Helse Vest RHF har for 2021 sett av inntil 14 millionar kroner, som er ein auke på 4 millionar kroner, til regionale innovasjonsprosjekt.

Kvinne skriv på PC. Foto

Søknadsfrist er 10. mars 2021, klokken 16.00.

Søknadsportalen (eSøknad) opnar i midten av januar.

Helse 2035 og Nasjonal helse- og sjukehusplan ligg til grunn for dei prioriterte områda og pasientgruppene i utlysinga for 2021.

Nytt av året er at det er lyst ut midlar i to kategoriar: Nye prosjekter ved eige helseføretak (inntil 10 millionar kroner) og Idéoverføring mellom helseføretak (inntil 4 millionar kronar).

Helse Vest RHF oppmodar alle som har spennande idear og gode prosjekt til å søkje.

Les heile utlysinga

Der finn du og mal for prosjektskisse for både nye prosjekt og idéoverføring.

Det er viktig at søkaren sikrar ei god institusjonell forankring i verksemda. Ta kontakt med  innovasjonsrådgivaren i eige føretak for å hjelp til utforming av søknaden.