Helsenorge i ny drakt

Helsenorge vil ha samme funksjonalitet og innhald, men innhald og tenester er knytt tettare saman. Sikkerheit og personvern er ivareteke like strengt som i dag.

Tre personer rundt en iPad, smiler. Foto.
Foto: Øyvind Eide

– Dette har vi gledd oss til lenge, seier Nina Ulstein, produktansvarleg for Helsenorge. Vi jobbar kontinuerleg med at løysingane skal vere gode og brukarvennlege. Det er mange som har vore involvert i arbeidet og vi håpar endringane blir godt tekne imot. Her er noko av det vi har endra:

  • Ny utsjånad
  • Innloggede og åpne tjenester, som tidligere het henholdsvis "Min helse" og "helsenorge.no", heter nå det samme; Helsenorge
  • Tjenester og innhold er de samme som før, men navigasjonen er noe endret
  • Vi har gjort det lettere å finne frem på Helsenorge og søket er blitt bedre

Bruk av Helsenorge

Helsenorge inneheld fleire nyttige tenester. I dag kan du blant anna sjå pasientjournalen din, sjekke legemiddel, bytte fastlege, bestille helsetrygdkort og finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon om helse, sjukdom, behandling og pasientrettar.
Den mest brukte tjenesten akkurat nå er sjekk av prøvesvar på koronatestar. Nokre stader går det an å bestille time for koronatesting via Helsenorge, noko mange kanskje kjem til å gjere i tida framover.

– Dette er ei løysing som sparer tid for kommunane som tek imot testbestillingane. Vi håpar at fleire vil ta i bruk denne løysinga så snart som mogleg, seier Ulstein.

Helsenorge arbeider også med å vidareutvikle nasjonale tilbod til kontakt med fastlege, heimetenester, helsestasjon og skolehelsetenesta. Helsenorge gir innbyggjarane kvalitetssikra informasjon og ulike helserelaterte tenester på éin stad.

3,7 millionar brukarar

– Målet er at innbyggjarane skal oppleve helsetenestene som oversiktlege og heilskaplege og at det skal vere enkelt å få god helsehjelp, også på nett. Vi jobbar derfor videre saman med heile helsetenesta for å vidareutvikle den felles helsenettstaden vi har i Noreg, sier Ulstein.

Per september 2020 er det registrert 3,7 millionar brukarar på Helsenorge. Det er ein auke på 500 000 brukarar sidan januar i år.

Sjekk den nye nettstaden til Helsenorge