Det finnes vaksne som har seksuell interesse for barn. Dei har lyst til å ha sex med barn, eller søker tilfredsstillelse i overgrepsbilete eller -videoar på nett. Ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress viser at 1 av 20 barn har opplevd seksuelle overgrep frå ein vaksen.
Ikkje alle vaksne med seksuell interesse for barn har gjort seg skuldig i seksuelle overgrep, verken fysisk eller på nett. Men enkelte fryktar at dei vil gjere det. Lavterskeltenesta Det finnes hjelp er eit tilbod for nettopp desse.
– Vi må gjere det vi kan for å hindre at overgrep mot barn skjer. I denne tenesta blir terskelen senka for å søkje hjelp og å ta i mot behandling. Hjelpetilbodet er eit viktig tiltak for å hindre seksuelle overgrep mot barn, seier helsedirektør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog.
Stort behov for hjelpetilbod
Bakgrunnen for tilbodet er ein rapport frå Redd Barna frå 2017. Rapporten konkluderer med at Noreg treng eit hjelpetilbod for personar som har seksuelle følelsar for barn, for å førebyggje overgrep. Det finst allereie hjelpetenestar for denne målgruppa i Sverige, Danmark, Storbritannina, Nederland og Tyskland. New Zealand startar opp tilbod i 2020.
Primærmålgruppa for tilbodet som no er oppretta er personar som ikkje har gjort overgrep, men alle som tek kontakt vil få tilbod om hjelp. Sekundærmålgruppa for lavterskeltenesta er pårørande, anna helsepersonell og fagfolk. Desse vil kunne få generell informasjon og rettleiing.
Lavterskelteneste på nett
På nettsida detfinneshjelp.no finn brukaren informasjon om tema og kan ta kontakt via chat for å få råd og rettleiing, utan å seie kven dei er. Dei som jobbar i Det finnes hjelp er helsepersonell, har og teieplikt.
Dei som tek kontakt med lavterskeltenesta, vil kunne få tilbod om behandling i poliklinikk for å handtere seksuelle tankar og følelsar for barn, endre tankemønster og redusere risiko for å gjere overgrep.
Behandling i klinikk
Frå 1. september 2020 er behandlingstilbodet i poliklinikk tilgjengeleg i Helse Vest (Helse Stavanger og Helse Bergen) og Helse Sør-Øst (Oslo universitetssykehus). I 2021 skal tilbodet òg etablerast i Helse Midt Norge og Helse Nord.
Behandlinga er lagd opp som individuell samtalebehandling med ein psykolog eller psykiatar som ha spesialkompetanse i å behandle menneske med seksuelle tankar og følelsar for barn.
Anonymitet og personvern
Dei som jobbar i Det finnes hjelp er helsepersonell, og har opplysningsplikt og plikt til å avverge. Det vil seie at dei har plikt til å melde frå til naudetatar dersom dei meiner den dei snakkar med, er i fare for å utføre alvorlege straffbare handlingar, som seksuelle overgrep mot barn, eller står i fare for å skade seg sjølv eller andre. Dei har tilsvarande plikt til å melde frå til barnevernstenesta.