Éi felles løysing for digital patologi

Det regionale digital patologi-prosjektet har kome eitt skritt vidare, og denne veka er årets største milestolpe nådd for Helse Vest IKT, som har inngått kontrakt med Sectra. Den nye løysinga betyr at vevsprøver kan studerast digitalt på skjerm i staden for gjennom eit mikroskop – og samhandling på tvers av patolog og føretak blir enklare.

To kvinner står foran en vegg, diskuterer plansjer. Foto.
Foto: Helse Vest IKT

Det har vore eit avgjerande fokus i prosjektet å få innsikt i brukarane sitt behov og det er dét som har danna heile grunnlaget for den endelege avtalen som no er inngått.

– Utan dette fokuset på kor me har behov for systemstøtte vil me jo kunne risikera å sitje att med eit system som gjer kvardagen vanskelegare – og det ynskjer me ikkje, verken for dei tilsette på patologiavdelingane eller pasientane våre, seier Kristine Bø.

– Heilt sidan byrjinga av prosjektet har vi derfor saman med brukarane vore i tett dialog med leverandør, og har no valt å utløyse ein opsjon vi allereie hadde moglegheita for i vår eksisterande avtale med Sectra. Denne prosessen har vore særs positiv med tanke på å få sjå inn i mogligheitene som finst i løysinga. Prosjektet har òg henta inn nyttig erfaring undervegs frå besøk hos patologiavdelinga i Lund, Sverige, som nyttar same systemløysinga.

Frå før av har Helse Vest avtale med Sectra som er leverandøren av røntgen-system, og forhandlingane i haust har no ført fram til at dei skal levere ei eiga løysing for digital patologi.

Utpostane

Tonje Bøyum Riste og Bjørn Ståle Sund i Førde sit på ei av dei to mindre patologi-avdelingane i Helse Vest. Frå den utkiksposten ser dei korleis dei største avdelingane kan ha fagspesialistar med mykje snevrare spisskompetanse, enn dei mindre sjukehusa der «allrounder»-eigenskapane er heilt naudsynte.

– Prosjektet har heile vegen vore prega av spenninga rundt kor fleksible arbeidsflytane våre kan vere med digital patologi, seier Sund.

Målet for prosjektet er jo å få alle bileta, prøveresultata og outputen om du vil, til å snakke same språk. På den måten vil dei ulike føretaka kunne konferere med kvarandre, og dele kompetanse og vurderingar saumlaust utan geografiske begrensingar. For at arbeidsmetodane skal fungere må den digitale arbeidsflyt-gensaren vere både stor nok, og liten nok til alle på same tid.

Stort prosjekt med stort engasjement

Tonje Bøyum Riste

– Stort prosjekt, men med stort engasjement, er løysinga, meiner Riste. Ein viktig nøkkel har vore – og vil bli – ei felles semje frå miljøet si side om at digitaliseringa er heilt naudysynt.

– Diskusjonen har vore nøktern heile vegen, men det er mykje teknisk sjargong som skal forståast og vurderast – ei heilt anna verd enn patologi.

Slik som ungdomen likar

…men kanskje ikkje så annleis for alle. I Stavanger sit ein ung og lovande patolog, og valet om å gå mikroskopets sti i medisinverda kom ikkje berre av interessa for biologien.

– Eg har jo drive hobby-IT-support på avdelinga lenge, så eg er nok litt meir teknisk interessert, ja. Vi hadde berre patologi som oppstykka emne under utdanninga, men det er jo mykje gøyare når du får kontinuitet på det. Eg valde å gå inn i feltet fordi eg såg at det var heilt i skjæringspunktet mellom teknologi og medisin, men eg såg òg at noko var i gjære der i næraste framtid.

Desse uglene i mosen speida unge Anders Blilie i form av den manglande digitaliseringa i fagfeltet, og han såg sitt snitt til å vere med på eit historisk, eksklusivt og spanande løft.

– Dette er jo den tredje revolusjonen innanfor patologi, der rutinemesseg bruk av antistoffundersøkingar på 80-talet, og seinare bruken av molekylærdiagnostikk, var dei to første. Den fjerde vert kanskje maskinlæring, då – som resultat av digitaliseringa?
Blilie er overtydd om at patologifaget, som tidvis har hatt utfordringar med rekruttering i yngre rekker, vil tvert om verte reine saftkoppen for unge medisinerkvefsar på det medisinske piknikkbordet i nær framtid.

– Dette vil verte eit veldig teknologisk orientert fag. Og berre tenk deg: Masse spanande teknologi, jobb der du er så lenge du er på nett… Det vil ikkje verte vanskeleg å selje det inn til nye generasjonar.

Bileta ligg hos oss

– Vi samarbeider allereie med Sectra om digitalt mediaarkiv, forklarar Gerhard Lund-Furnes, som er teknisk prosjektleiar. Han har vore med på eventyret med å samle og konsolidere dei ulike røntgen-løysingane i dei ulike føretaka i Helse Vest til eit samanhengande samhandlingsverktøy.

– No kjem digitale snitt inn i same siloen som resten av det digitale biletmaterialet, og vert tilgjengeleg med eit tastetrykk for klinikarar, MDT-møte, spesialistar og andre som treng å sjå dei.

Les også tidlegare sak om vegen fram til digitalisering for patologi