Inga endring ved anskaffing av patologitenester

Fürst Medisinsk Laboratorium AS (Fürst) er tildelt kontrakt på patologiske tenester, for ein ny periode. Avtalen gjeld frå 1. januar 2021 til og med 31. desember 2022, med moglegheit for forlenging for ytterlegare eitt år av gongen i inntil to år.

Prøveglass med oransje farge. Foto.
Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik

Helse Vest kjøper i dag patologitenester hos privat leverandør som eit supplement til eigne verksemder. Gjeldande avtale med Fürst går ut 31. desember 2020. Helseføretaka i Helse Vest har informert om at det førebels ikkje er tilstrekkeleg kapasitet internt i føretaka til å dekkje heile helseregionen sitt behov for patologitenester, sjølv om dette er eit mål på sikt. Helse Vest RHF har difor gjennomført ein anbodskonkurranse.

Informasjon om anbodskonkurransen

Vi fekk inn to tilbod på dei aktuelle tenestene. Tildeling av kontrakt skjer på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet ut frå tildelingskriteria «pris» og «kvalitet». I arbeidet med evaluering av kvalitetskriteria har Helse Vest RHF hatt bistand av representantar frå regionalt nettverk for laboratorietenester.

Det var tilbodet frå Fürst som kom best ut av evalueringa totalt sett. Karensperioden har løpt ut utan at Helse Vest har motteke klage på denne avgjerda, og vi har nå inngått kontrakt med Fürst for ein ny periode.

Avtalen gjeld for rekvirentar i heile regionen. Avtalen omfattar ikkje cytologi. Desse prøvane skal sendast til lokalt helseføretak, som tidlegare.

Det blir dermed inga endring i tilbodet om patologitenester frå privat leverandør i Helse Vest.

Avtalane vi har med private, for røntgen og laboratorium