– Vi har inga ventetid, og dei som har krav på offentleg helsehjelp, kan gå i gang med behandling hos oss i løpet av eit par veker, seier Kjersti Skare, som leier terapeutstøtta internettbehandling i Helse Bergen.
Klinikken ligg fysisk i lokala til Bjørgvin DPS på Tertnes, men pasientane kjem frå heile opptaksområdet til Haukeland Universitetssjukehus og Helse Bergen. Terapiforma heiter eMeistring, og tilbyr hjelp til folk med panikkangst, sosial angst og depresjon.
Får din eigen behandlar
Behandlinga tek cirka 14 veker, og er nettbasert, men Kjersti Skare påpeiker at alle pasientane får sin eigen behandlar som følgjer dei gjennom heile behandlingsopplegget.
– Når du får innkalling til første time, vel du om du ønskjer å treffe behandlaren din fysisk ved oppmøte, eller om du heller vil ha videokonsultasjon. I denne første samtalen kartlegg vi symptom og pratar om behandlinga. Når du så går i gang med behandlinga, har du kontakt med behandlaren din ein til to gongar i veka – i hovudsak skriftleg, inne i behandlingsportalen. Men det er òg mogleg å få prate med behandlar om det skulle vere behov for det. Behandlinga blir avslutta med ein samtale med terapeuten, seier Skare.

Eg har vore så begeistra for eMeistring heilt frå første gongen eg høyrde om dykk, sa Clara Gjesdal (t.v.) då ho møtte gjengen som jobba med eMeistring på Tertnes. Foto: Anne Christine Flageborg Olsen
Ta direkte kontakt
Bur du i Bergensområdet, treng du ikkje gå via fastlegen for å få behandling gjennom eMeistring. Du kan gå inn på heimesida til eMeistring og der klikkar du på lenkja til «Søknad om eMeistring». Søknaden din kjem til inntaksteamet som vurderer om du får innkalling til time eller avslag på søknaden om behandling.
– Dette er ein behandling som krev stor grad av eigeninnsats, men som pasient blir du godt følgd opp av ein behandlar som følgjer deg gjennom heile behandlinga. Du vel sjølv når og kvar du ønskjer å jobbe med behandlinga, seier Kjersti Skare.
Helse Bergen var først ute med å tilby eMeistring i 2013. Det blir arbeidd med å etablere tilbodet fleire plassar i landet, og i resten av helseregionen på Vestlandet.
Les også: NRK - No får fleire tilbod om angstbehandling på nett
Eit digitalt skjema verd å feire
I september blei det lagt inn ei direktelenkje til eMeistring på helsenorge.no. Viseadministrerande direktør Clara Gjesdal tok med seg kake ut til gjengen i eMeistring på Tertnes for å feire det nye digitale skjemaet på helsenorge.no.
– Eg har vore så begeistra for eMeistring heilt frå første gongen eg høyrde om dykk. No har de fått eit nytt og eiga skjema som er til nytte for pasientane og som lettar arbeidsprosessane til behandlarane. Dette er ei super forbetring. Det de har fått til for pasientane er ein effektiv behandling, det er bevist at det verkar. Vi kan vere veldig stolte her i Bergen over kva de har fått til, sa Clara Gjesdal.

Clara Gjesdal var tydeleg imponert over kva dei hadde fått til med eMeistring.