Innfører legemiddel mot brystkreft og lungekreft

Beslutningsforum for nye metoder innfører nye legemiddel til behandling av brystkreft og lungekreft. I alt blei sju nye metodar beslutta i møtet mandag 30. mars.

Illustrasjonsbilde: Studio Alsvik

Les heile saka og alle detaljane på nyemetoder.no

Brystkreft

Atezolizumab (Tecentriq) i kombinasjon med nab-paklitaksel kan innførast til behandling av vaksne pasientar med inoperabel lokalavansert eller metastatisk trippel-negativ brystkreft med tumorer med PD-L1-uttrykk lik eller større enn 1 prosent, og som ikkje tidlegare har fått kjemoterapi for metastatisk sykdom.

Lungekreft

Atezolizumab (Tecentriq) kan innførast til behandling av PD-L1 negativ ikke-småcella lungekreft til pasientar med plateepitelkarsinom og som tidlegare har motteke kjemoterapi.

Postoperativ sårinfeksjon

Bruken av triklosanbelagte suturer bør begrensast til eit minimum ved at det kun blir vurdert brukt ved kirurgi av barn. Evidensgrunnlaget gjer at det er usikkerheit knytt til vinsten ved å bruke triklosanbelagte suturer til andre pasientgrupper enn barn.

Det er ikkje grunnlag for å gi ei tilråding for generell bruk av triklosanbelagte suturer.

Arveleg retinal dystrofi

Voretigene neparvovec (Luxturna) blir ikkje innført no, til behandling av Lebers medfødte synstap knytt til mutasjonar i RPE65-genet.

Voretigene neparvovec (Luxturna) er eit nytt behandlingstilbod som kan bremse synstapet ved arveleg retinal dystrofi. Det er dokumentert effekt av behandlinga, men det er usikkerheit knytt til langtidseffekten. Det er ønskjeleg å ta metoden i bruk for denne indikasjonen, men den aktuelle prisen er alt for høg.

Homozygot familiær hyperkolesterolemi

Lomitapid (Lojuxta) blir ikkje innført til behandling av homozygot familiær hyperkolesterolemi.

Det ville vere ønskjeleg å kunne ta i bruk denne behandlinga til ei svært begrensa pasientgruppe, men prisen for legemiddelet er alt for høg, sett opp mot dokumentert langtidseffekt.

Multippel sklerose

Natalizumab (Tysabri) blir ikkje innført til behandling av følgjande undergrupper av pasientar med RRMS1: Pasientar som har anna autoimmun sykdom som Crohns sykdom, pasientar som har immunsvikt som følgje av MS-sjukdommen sin, eller av andre årsaker, pasientar med behandlingssvikt på både rituksimab og kladribin.

Det er manglande dokumentasjon på klinisk effekt av natalizumab til pasientar i desse undergruppene. Med prisen som er tilboden, er kostnaden ved innføring av natalizumab til behandling av pasientar i desse undergruppene fortsatt for høg.

Mediekontakt

Media kan kontakte Hanne Sterten på telefon 404 03 225 for å avtale intervju med leiaren i Beslutningsforum for nye metoder, Stig A. Slørdahl.

Øvrige spørsmål til Beslutningsforum for nye metoder kan sendast på e-post til postmottak@helse-midt.no.