Ivar Eriksen er konstituert direktør i Helse Vest RHF

Ivar Eriksen er konstituert administrerande direktør i det regionale helseføretaket.

Eriksen er jurist og har vore eigardirektør i Helse Vest sidan 2008.

Tidlegare administrerande direktør Herlof Nilssen går no over i ei ny rolle i Helsedirektoratet for ei tid framover.

Inger Cathrine Bryne byrjar som ny administrerande direktør i Helse Vest RHF over påska.

Denne saka har blitt endra etter publisering. Endringa kom 17. mars.