Ja til legemiddel mot atopisk dermatitt

Beslutningsforum innfører legemiddel mot atopisk dermatitt, også kalla atopisk eksem, for både vaksne og barn. Det blei bestemt på møtet i Beslutningsforum for nye metoder den 24. februar.

Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik

Legemiddel til plakkpsoriasis og MS til barn blir ikkje innført, i tillegg til regional varmebehandling til behandling av høy-risiko bløtvevssarkom (STS).

Avgjersla som er fatta av Beslutningsforum for nye metoder er resultat av ein lang prosess og ein grundig vurdering av dei menneskelege konsekvensar som følgjer både av avgjersle om innføring så vel som avgjersle om å ikkje innføre ein behandlingsmetode.

Dersom det kjem nye opplysningar (om pasienttryggleik, kostnadseffektivitet, pris, biotilsvarande/generika, overlevingstal m. m.) som endrar resultatet vesentleg, vil avgjersla kunne vurderast på nytt.

Atopisk dermatitt

Til vaksne pasientar
Dupilumab (Dupixent) kan innførast til behandling av alvorleg atopisk dermatitt hos vaksne pasientar over 18 år der systemisk behandling er indisert og der det ikkje er oppnådd adekvat effekt av tidlegare systemisk behandling eller der ein har kontraindikasjonar for andre tilgjengelege alternativ. Legemiddelet kan takast i bruk frå 1. april 2020.

Til pasientar i alder 12 til og med 17 år
Dupilumab (Dupixent) kan innførast til behandling av alvorleg atopisk dermatitt hos pasientar i alder 12 til og med 17 år (i samhøve med markedsføringsløyve), der systemisk behandling er indisert, og der ein ikkje har opplevd adekvat effekt av tidlegare systemisk behandling eller der ein har kontraindikasjonar for andre tilgjengelege alternativ. Legemiddelet kan takast i bruk frå 1. april 2020.

Les heile saka på nyemetoder.no

Mediekontakt

Media kan kontakte Hanne Sterten på telefon 404 03 225 for å avtale intervju med leiar i Beslutningsforum for nye metoder, Stig A. Slørdahl. Andre spørsmål til Beslutningsforum for nye metoder kan sendast på e-post til postmottak@helse-midt.no.