Korona: Ber næringslivet på Vestlandet om å bidra med utstyr

Som ein del av beredskapen knytt til koronautbrot treng sjukehusa meir smittevernutstyr. Helse Vest koordinerer innsatsen på Vestlandet og oppmodar næringslivet til å bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.

Illustrasjonsfoto: Svein Lunde, Helse Stavanger

Eit koronautbrot krev langt meir smittevernutstyr i sjukehusa enn i ein normalsituasjon. På same tid har det vore vanskeleg å få tak i utstyr som normalt blir produsert i Kina og utstyr blir også, av ulike grunnar, levert seint. I eit brev til NHO og industrien på Vestlandet inviterer Helse Vest no til samarbeid.

– Vi treng smittevernutstyr til medarbeidarane i sjukehusa for å halde alle friske, slik at dei kan bidra i behandlinga av pasientane som treng det. Vi førebur no omfattande beredskapstiltak. Medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta imponerer i denne innsatsen! No ber vi også alle bransjar og verksemder bidra i det felles samfunnsansvaret vi har. Vi treng all hjelp og innsats vi kan få frå næringslivet, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF. 

Mellom utstyret som trengs er andedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dressar og -frakkar.

Innsatsen for å skaffe utstyr framover er allereie godt i gang. Dei regionale helseføretaka samarbeider om utstyr. Det er også god dialog med Helsedirektoratet og myndighetene i dette arbeidet. Regionane samarbeider om lagre og det er sett ned ei gruppe for dette nasjonalt. Slik sikrar ein å ha oversikt over lager, koordinering slik at det utstyret som er tilgjengeleg blir brukt på best mogleg måte og at alle sjukehusa i Noreg har lik tilgang på utstyr.

Kontaktpersonar i føretaka

Helse Vest RHF: Hilde Christiansen

Helse Førde: Terje Olav Øen

Helse Bergen: Pål Røynesdal

Helse Fonna: Leif Terje Alvestad

Helse Stavanger: Line Tang Wa Tendeland