Korona: Saksbehandling og innsynsspørsmål tar lengre tid enn vanleg

Korona-situasjonen har første og største prioritet i Helse Vest. Det inneber at andre oppgåver må vente.

 Korona-utbrotet inneber eit stort arbeidspress for medarbeidarane våre. Vår viktigaste prioritet no er å bidra til å sikre gode sjukehustenester og å bistå andre i den felles innsatsen vi har, seier Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest.

Som ei følgje av dette vil svar på førespurnader, behandling av saker og innsynsspørsmål ta lengre tid enn vanleg hos Helse Vest. Det inneber også at fristane i lovverket blir brotne.

 Vi beklager, men håpar på forståing for dette, seier Aae, som samtidig understrekar betydninga av openheit i den situasjonen vi er i. Openheit er og skal vere førande for arbeidet vårt no og framover i tid.

Aae oppmodar presse og media til å ta kontakt med Helse Vest si medievakt eller på e-post info@helse-vest.no om det er spørsmål.