Kraftig auke i talet på intensivplassar

Sjukehusa i Helse Vest har laga planar for å kunne handtere ein kraftig auke i behovet for intensivplassar knytt til koronapandemien. Målet til føretaka er å auke intensivkapasiteten frå 57 til 294 plassar.

To sykepleiere tar på seg smittevernutstyr. Foto.
Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen

Les heile rapporten

Dei regionale helseføretaka har fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å leggje konkrete planar for å møte ein situasjon der pandemien har maksimal utbreiing som oppgitt frå Folkehelseinstituttet (FHI) 24. mars. Foreløpig rapportering på status og moglege tiltak blei levert 2. april, og den endelege rapporten er no klar.

– Medarbeidarane i sjukehusa legg ned eit stor arbeid i helseføretaka å førebu sjukehusa på å auke intensivkapasiteten i samband med koronapandemien. Alle helseføretaka hadde i forkant av det aktuelle oppdraget utarbeidd pandemiplanar med trinnvis opptrapping. Dei har no planlagt for ytterlegare opptrapping i tråd med det skisserte scenarioet. For dei to største helseføretaka på Vestlandet inneber dette til dømes dei meir enn ei mange-dobling av normal kapasitet, seier Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF.

Talet på intensivplassar vil i normal drift variere med behov. I ein normalsituasjon har sjukehusa i Helse Vest til saman 57 intensivplassar med respirator. Dette er det ein maksimalt kan handtere innanfor vanleg drift. Nye estimeringar viser no at ein ved auka behov for intensivkapasitet under koronautbrotet kan auke talet på intensivplasser til 294.

Det kan, mellom anna, innebere å gjere om andre lokale til intensivrom. Det vil igjen innebere at mykje planlagt kirurgisk verksemd blir sett på vent for å gi plass til kirurgi som ikkje kan bli utsett og for å frigjere personell til intensivbehandling.

I tillegg til kravet til auka intensivkapasitet for å handtere koronapandemien, må mykje av den ordinære intensivverksemda gå som normalt slik at ein i tillegg er i stand til å kunne handtere ulykker og anna.

– Det vil vere svært krevjande å oppnå den maksimale kapasiteten som er etterspurd og det er knytt ei rekkje føresetnadar og risikomoment til ei slik opptrapping. Ein så stor auke i intensivkapasiteten har også store konsekvensar, seier Schem.

Krevjande auke

For å oppnå ein auke til maksimal senge- og intensivkapasitet, er det ei rekkje forhold som må vere på plass samtidig og det er usikkerheit knytt til kvar av dei. Dette gjeld særskilt kapasitet for virustesting og tilgang på smittevernutstyr, men òg tilgang til kompetanse, legemiddel og dialysekapasitet.

– Gitt at alt utstyr som er bestilt, kjem som planlagt, og det er mogleg å få på plass nok medarbeidarar med kompetansen ein krev, vil ein kunne nå maks kapasitet i løpet av juli 2020. Helseføretaka har rekna ut at kapasiteten på dette nivået vil kunne oppretthaldast i ein til to veker. Dette vil medføre stort press på personell, og at praktisk talt all annan elektiv somatisk aktivitet går ut, seier Schem.

Justert scenario frå FHI

Gjennom klok åtferd frå folk flest og svært god effekt av tiltaka til regjeringa som ble sett i verk 12. mars, har smittespreiinga blitt redusert til eit minimum. Oppdaterte scenario frå FHI indikerer ein lågare pandemitopp, med få pasientar dei nærmaste vekene, men med gradvis aukande tilstrøyming av covid-19-pasientar utover sommaren og hausten.

Dermed vil pandemien og beredskapen i sjukehusa bli langvarig. Sidan utviklinga av epidemien er uføreseieleg, må sjukehusa framleis byggje kapasitet og planleggje for auke i innleggingar, med særleg fokus på intensivkapasitet.

Auke i behandlingskapasitet i helseføretaka i Helse Vest i samband med covid-19-epidemien