Kven fortener Kvalitetsprisen 2021?

Helse Vest inviterer leiarar og medarbeidarar i helseføretak/sjukehus til å fremje kandidatar til prisen for framifrå kvalitets- og pasienttryggleiksarbeid. Frist for å fremje kandidatar er 1. februar 2021.

banner kvalitetskonferansen

Kvalitetsprisen blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar som gjennom sitt arbeid med kvalitetsforbetring, forskings- og utviklingsarbeid har auka kvaliteten eller pasienttryggleiken i tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Arbeid som omhandlar implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak, er også aktuelle.

Kven bør få prisen i år?

Dei nominerte må vere knytte til helseføretaka i Helse Vest eller til verksemdene som har avtale med Helse Vest RHF.

Helse Vest tek imot grunngjevne og kortfatta forslag på maksimalt 2 sider, i tillegg til ei beskriving av kandidaten/-ane. Dersom forslaget byggjer på spesifikke rapportar, artiklar og/eller omtalar, skal desse leggjast ved eller på anna vis gjerast tilgjengelege for priskomiteen.

Forslag til kandidatar skal sendast til helse@helse-vest.no. Merk med emnet Kvalitetsprisen 2021.

Forslaga vil bli behandla konfidensielt av ein komité av medlemmar frå institusjonar i og utanfor Helse Vest.

Prisen vil bli delt ut under den digitale Kvalitets- og registerkonferansen i Helse Vest, 6. mai 2021. Vinnaren vil bli beden om å halde eit kort innlegg på konferansen dagen etter.