Mange søknadar om forskingsmidlar, trass korona

Korona-pandemien har ikkje lagt ein dempar på talet søkarar om forskingsmidlar. Kven som får pengar blir avgjort 26. november.

Hand og skjema
Foto: Colourbox

Fristen for å søkje Helse Vest sine forskingsmidlar for 2021 gjekk ut 15. september. Det låg ei stund an til færre søknadar enn tidlegare år, men til slutt kom det inn totalt 276 søknadar.

Resultatet er omtrent som tidlegare år i dei fleste søknadskategoriane, men kategorien «kliniske forskarstipend» skil seg ut. Der er det i år berre ein søknad, mot fire i fjor. Det låge talet kan forklarast med at dette stipendet er for tilsette i kliniske stillingar.

Søknadar forskingsmidlar 2020 fordelt på søknadstype (tal frå i fjor i parentes)

  • Doktorgradstipend: 116 (116)
  • Postdoktorgradsstipend: 47 (57)
  • Open prosjektstøtte: 85 (87)
  • Karrierestipend: 6 (7)
  • Kliniske forskarstipend 1 (4)
  • Korttidsstipend: 18 (9)
  • Utviding av postdoktorstipend: 2 (1)
  • Kun søknad om utanlandsopphald: 1 (4)
  • Totalt: 276 (285)

Ekstern vurdering

Søknadane blir no vurdert av eksterne komitear etter Retningslinjer for søknadsvurdering. Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon vedtar tildeling av forskingsmidlar på sitt møte 26. november. Oversikt over tildelingane blir publisert på helse-vest.no

Om forskingsmidlane:

  • Forskingsmidlane i Helse Vest skal bidra til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka
  • Helse Vest har om lag 210 millionar kroner i øyremerkte midlar til forsking. 75 prosent går til den opne, søkbare runden (omtalt ovanfor), medan 25 prosent er øyremerka strategiske satsingar. Mellom 40 og 50 millionar kroner blir årleg delt ut til nye prosjekt i den opne søknadsrunden.
  • Sjå kven som har fått tildeling tidlegare år

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innvoasjon fekk presentert søkjartala på sitt møte 24. september.