Metodevurdering blir lagd ut på høyring

Beslutningsforum for nye metoder sender metodevurderinga om "Organdonasjon med bruk av normoterm regional perfusjon" ut på open høyring. I tillegg er det sagt ja til kombinasjonslegemiddel til behandling av nyrekreft.

Pose med væske. Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto

Totalt ble ni metoder besluttet i møtet den 27. januar.

Avgjerda, som er fatta av Beslutningsforum for nye metoder, er resultat av ein lang prosess og ei grundig vurdering av dei menneskelege konsekvensane som følgjer både av avgjerd om innføring, så vel som avgjerde om ikkje å innføre ein behandlingsmetode.

Dersom det kjem nye opplysningar (herunder pasienttryggleik, kostnadseffektivitet, pris, biotilsvarande/generika, tal på overleving o.a.) som endrar resultatet vesentleg, vil avgjerda kunne vurderast på ny.

Det blei teke avgjerder på følgjande:

  • Beinmargskreft
  • Hemofili A
  • Nyrecellekreft
  • Lungekreft
  • Hereditært angioødem
  • Leukemi
  • Atrieflimmer
  • Organdonasjon (ut på høyring)

Les alt om avgjerdene på nyemetoder.no