No kan du søkje prosessrettleiing

InnoMed kan hjelpe med rettleiing og verktøy i tenesteinnovasjonsprosjekt. Neste søknadsfrist er 18. desember.


Skal du i gang med eit tenesteinnovasjonsprosjekt, og skulle gjerne hatt rettleiing og verktøy?

Skal helseføretaket ditt i gang med komplekse prosjekt der de ønskjer å samhandle med kommunehelsetenesta? Planlegg de å setje i gang med heimesjukehus, men har utfordringar med å definere pasientforløp eller realisere gevinstar?

I slike prosjekt kan de få hjelp av InnoMed.

Søk om prosessrettleiing før 18. desember

Fire gonger årleg kan din kommune søkje om prosessrettleiing frå InnoMed, og neste søknadsfrist er 18.12.20.

Innovasjonsrådgivarane i InnoMed har lang erfaring frå arbeid med tenesteinnovasjon på sjukehus og i kommunar. I dag støttar rådgivarane blant anna Helse Sør-Øst og kommunar som tek i bruk nye behandlingslinjer for barn med hjerneskade, Diakonhjemmet med implementering av videoløysing på akuttmottaket og dei støttar Helse Vest i korleis dei kan formalisere samarbeidet med kommunar ved iverksetjing av eit nasjonalt nettverk.

Helseføretak og kommunar som har fått hjelp, peiker på at kunnskapen InnoMed har bidrege med inn i prosjektet, har vore viktig for å sikre at dei faktiske behova hos brukarane blir ivaretekne.

Støtta har gitt dei innsikt i nyttige erfaringar og verktøy, som har hjelpt dei med å strukturere og prioritere aktivitetar i prosjektet.

InnoMed sine rådgivarar vil gi dykk kker rettleiing i alt frå innsiktsarbeid, tenestedesign, arbeid med gevinstrealisering og forankring i komplekse prosjekt.

Søk her

Høyrest dette interessant ut?
Les meir om tilbodet frå InnoMed, eller søk i dag

Kva er InnoMed?

InnoMed er eit nasjonalt kompetansenettverk for behovsdriven tenesteinnovasjon i helsesektoren, og er eigd og blir drive av dei fire regionale helseføretaka og KS. PA Consulting har avtale om drift av InnoMeds sekretariat, heimeside og innovasjonsrådgivarar.

InnoMed nyttar fire verkemiddel i arbeidet med tenesteinnovasjon:

  • Prosessrettleiing til sjukehus og kommunar for å overføre kunnskap om tenesteinnovasjon til prosjekt.
  • Erfaringsdeling gjennom lett tilgjengelege digitale kanalar på www.innomed.no, Facebook og LinkedIn.
  • Gjennom å utarbeide og dele rammeverk og metodar, eksempelvis rettleiar til videokommunikasjon.
  • Kopling av aktørar slik at prosjekt kan byggje på erfaringane til kvarandre.

Prioriterer prosjekt med kommunar og sjukeshus

InnoMed jobbar fokusert innanfor satsingsområda digital heimeoppfølging og heimesjukehus, og fokuserer på å spreie kunnskap og erfaring om innovasjonar og gode prosjekt for tenester retta mot barn og unge, personar med kroniske lidingar, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, og skrøpelege eldre.
InnoMed skal først og fremst fokusere på tenesteinnovasjon i skjeringspunktet mellom kommunar og sjukehus.

Dette betyr at InnoMed prioriterer å jobbe med samhandlingsprosjekt.