Nasjonal koordinering av smittevernutstyr

For å sikre god samordning mellom helseregionane og for å kunne ta raske avgjersle har Helse Sør-Øst RHF fått eit nasjonalt koordineringsansvar for innkjøp av smittevernutstyr og legemiddel i forbindelse med koronautbrotet.

koronavirus
 

- Vi arbeider kontinuerlig med å sikre tilstrekkelige ressursar som smittevernutstyr, testutstyr og legemiddel. Dette er utfordrande, men med god samordning nasjonalt vil vi nytte ressursane best mulig. Det er også gledeleg å registrere at fleire forsyningskjelder som har vore stengde no opnar igjen, seier administrerande direktør i Helse Sør-Øst, Cathrine M. Lofthus.

I samarbeid, og i daglige møter, med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, er Helse Sør-Øst med i koordineringa av arbeidet rundt testutstyr og –kapasitet, smittevernutstyr og legemiddel. Dei samarbeider også om felles kartlegging av talet på pasientar og felles prosedyrar, rutinar og råd knytt til koronautbrotet. 

- Dette sikrar ei heilskapleg rapporteringslinje for helseføretaka, og bidreg til at vi kan bruke ressursane på best mulig måte, seier Lofthus. 

Status smittevernutstyr

Alle helseføretak får framleis det smittevernutstyret dei har behov for, men ikkje alle opplever å få alt dei bestiller. Situasjonen tilseier at det må rasjonerast mellom føretaka. 

Det blir no arbeidd iherdig med å skaffe større leveransar som vil fylle den auka etterspurnaden i tida som kjem. Mange potensielle leverandørar har meldt seg, og forsyningsvegar som tidligare har vore stengde blir opna igjen. Dette betyr blant anna at store kvanta med andedrettsvern og munnbind er bestilt og avtalar inngåtte.

Ber næringslivet på om å bidra med utstyr

Som ein del av beredskapen knytt til koronautbrot treng sjukehusa meir smittevernutstyr. Mellom utstyret som trengs er andedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dressar og -frakkar. 

Helse Vest koordinerer dialogen med næringslivet Vestlandet og oppmodar alle som har tilgang på smuittevernutstyr til å bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.