Kven kan søkje midlar?
- Nasjonale medisinske kvalitetsregister
- Avdelingar som ønskjer å bruke data frå nasjonale medisinske kvalitetsregister til lokalt kvalitetsforbetringsarbeid
Kriterium til prosjektet
- Kvalitetsforbetringsprosjektet skal bruke resultat frå eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister
- Variablar/indikatorar som blir brukte som utgangspunkt for forbetringsarbeidet, skal vere eksisterande variablar i kvalitetsregisteret
- Erfaringar frå gjennomføring av prosjektet og resultat frå dette skal kunne brukast av servicemiljøet til generell metodeutvikling og kunnskapsoverføring. Det blir stilt spesifikke krav til levering av sluttrapport og innhald
- Prosjektmidlane skal ikkje brukast til ordinær registerdrift, berre til planlegging og gjennomføring av kvalitetsforbetringsprosjektet
- Prosjektmidlane skal heller ikkje brukast til å finansiere tiltak internt på deltakande sjukehusavdelingar som er eller som skal kunne reknast som del av ordinær sjukehusdrift.
Sjå fullstendig utlysingstekst, kriterium til søknad og rammer for kostnader
Se oversikt over nasjonale medisinske kvalitetsregister Søknadsfrist 1. september 2020