Nettsidene til sjukehusa - ein viktig informasjonskanal

Nettsidene til sjukehusa blir brukte. I mars hadde felles nettløysing for spesialisthelsetenesta samla over 7,2 millionar sidevisingar. Dette er nær dobbelt så mange som i månaden før.

Bilde av ein skjerm og tre mobilar som viser nettsidene til sjukehusa. Foto/illustrasjon.
Felles nettløysing består av over 50 heimesider for spesialisthelsetenesta i Noreg.

– Befolkninga har behov for informasjon i denne tida. Helsenorge.no har også opplevd ein auke, og saman med både Folkehelseinstituttet fhi.no og helsenorge.no gir vi heilskapleg informasjon om viruset, smitte og behandling av covid-19 i sjukehusa.

Stor interesse for å bidra ved klinisk studie

I tillegg opplevde vi svært stor interesse for blant annet den kliniske studien i Oslo universitetssykehus, om risiko for å bli smitta av koronavirus i Norge. I løpet av få dagar hadde studien hatt over 530 000 sidevisinger, fortel leiaren av nasjonalt redaksjonsråd, Christin Nyland.

Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta utviklar nettstadene til sjukehusa i Noreg. Målet er å samordne og informasjon og gjere han tilgjengelig til pasientar og pårørande.

Deling og gjenbruk av innhald

– Informasjonen som blir presentert på dei enkelte nettstadene skriv vi éin gong, og dei ulike sjukehusa deler og bruker på ny. Eit godt eksempel i desse dagar, er behandlingsteksten om covid-19. Teksten er skriven med utgangspunkt ved Stavanger universitetssjukehus, men blir brukt både ved Helgelandssykehuset, Oslo universitetssykehus og UNN.

På den måten har vi effektive prosessar, i ei tid der vi treng fagfolka våre i arbeidet med beredskapen, seier leiaren av nasjonalt systemeigarforum for felles nettløysing, Tor Harald Haukås, i Helse Midt-Norge RHF.

Han legg til at nettbruken gir inspirasjon til vidare arbeid med felles behandlingsinformasjon og samarbeid om heilskaplege digitale e-helseløysingar, som treffer behovet hos brukarane.

Saka blei også publisert på nettstaden til Helse Midt-Norge 8. april 2020.