– Formålet med utdanninga er å sikre at kommune- og spesialisthelsetenesta har toppleiarar som bidreg aktivt til at pasientane opplever ein koordinert helsetjeneste, sier Svein Tore Valsø, direktør personal og kompetanseutvikling i Helse Sør-Øst RHF.
– Toppleiarprogrammet vil vere eit godt strategisk verkemiddel for felles utvikling av sektoren framover, seier Anne-Cathrine Hjertaas, avdelingsdirektør for arbeidsgivarpolitikk i KS. – Ressurssituasjonen i helsetjenesta vil framover krevje eit tettare og meir smidig samarbeid for å utnytte ressursane betre, og å gi betre pasient- og brukaropplevingar.
Samarbeid
Helse- og omsorgsdepartementet ba dei regionale helseføretaka i føretaksmøte 15. januar i fjor om å utvikle eit nytt felles toppleiarprogram for leiarar i spesialisthelsetenesta og kommunale helse- og omsorgstenester saman med KS. Dette skulle erstatte det tidlegare toppleiarprogrammet for helseføretaka.
Det nye toppleiarprogrammet vil gjere det mogleg for deltakarane å viderautvikle kompetansen innanfor strategisk leiing, leiing på tvers av profesjonar og tenesteområde, identitet og kultur, innovasjon og omstilling, pasient- og brukarmedverknad, organisering av pasientens helseteneste, helseøkonomi og ulike finansieringssystem.
I skissa til program er det planlagd seks fysiske samlingar over eitt år, der kvar samling varer i tre-fire dagar. Programmet blir strukturert i to parallelle spor: leiarutvikling (personleg leiarskap) og utviklingsprosjekt (forståing for organisasjon, samfunn og samspel). BI, dei regionale helseføretaka og KS skal samarbeide om å lage det endelige programmet.
Dei to helsesektorane startar no rekrutteringa av kandidatar til utdanninga. Det første kullet startar etter planen opp hausten 2020, med 20 deltakarar frå kommunale helse- og omsorgstenester og 20 deltakarar frå spesialisthelsetenesta. Programmet skal gjennomførast i kombinasjon med ordinær jobb, vere knytt opp til ein utdanningsinstitusjon og gi studiepoeng.