Den nye tenesta gjer det enklare å få oversikt, noko som kan bidra til auka fokus på kvalitetsforbetring.
Eit eksempel er oversikt over MS-området. Norsk MS-register og biobank er tilknytt Helse Bergen, og er eit av fleire Nasjonale kvalitetsregister som leverer data til denne tenesta. Til saman finn ein resultat frå 162 ulike kvalitetsindikatorar som måler kvalitet på helsetenestene i føretaket, og MS-registeret leverer 5 indikatorar til nettsida. I den nye løysinga kan ein enkelt velje ulike sjukehus, helseføretak eller regionale helseføretak og samanlikne indikatorane.
Om lag 60 prosent av pasientane får stilt MS-diagnosen i løpet av dei to første åra etterat dei får første symptom, noko som har vore stabilt dei seinaste åra. Ein viktig indikator for pasientar som nyleg har fått fastsett ein MS-diagnose, er tida det tek før pasienten startar med bremsemedisin. Denne tida bør vere så kort som mogleg.
Kvalitetsindikatoren måler kor mange av dei ny-diagnostiserte pasientane som får slik behandling innan 30 dagar etter at diagnosen blei fastsett.
Kvalitetsforbetring
For 2019 ser vi at færre får behandling innan 30 dagar etter diagnosen. Dette kan skuldast fleire forhold. Ei forklaring kan vere at fleire sjukehus tek i bruk meir effektiv behandling heilt frå starten av sjukdommen. Dette er tilrådd frå fagmiljøa, men slike medikament kan krevje meir omfattande undersøkingar før behandlinga kan starte.
MS-registeret følgjer nøye med i utviklinga til denne kvalitetsindikatoren og har dei seinaste åra sett i gang fleire kvalitetsforbetringsprosjekt med mål om å betre resultatet. Til vanleg går ein MS-pasient til kontroll på nevrologisk avdeling éin til to gonger i året. Då er det viktig at ulike mål på sjukdomsutvikling blir registrerte og følgde opp over tid.
MS-registeret ser at dette kan variere og har derfor sett i gang eit kvalitetsforbetringsprosjekt med mål om å betre dette. Særleg ser det ut til at vurdering av fysisk funksjon bør gjerast oftare ved dei polikliniske konsultasjonane.
Sjekk ut og prøv den nye sjukehusvisaren
Av:
Eirik Kvam Goksøyr, Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest