Pasientar ønskjer auka bruk av videokonsultasjon velkommen

Koronapandemien har bidrege til auka bruk av videokonsultasjon. No vil Helse Bergen sjå på korleis bruken kan aukast ytterlegare i framtida. Tryggheit og kvalitet for pasienten skal vere førande for tilbodet.

NRK-reportasjen tidlegare i haust hadde fokuserte på korleis bruken av videokonsultasjonar er tekne imot.

Hittil i år er det gjennomført nesten 9000 videokonsultasjonar i Helse Bergen. Av desse har 68 prosent gått føre seg i psykiatrien, 7 prosent innanfor rusmedisin og 25 prosent i somatikken.

Til samanlikning blei det i same periode gjennomført ca. 650 000 fysiske poliklinikkonsultasjonar og vel 70 000 telefonkonsultasjonar. Av alle konsultasjonar i Helse Bergen i år har 1,2 prosent av konsultasjonane vore med video og 10 prosent med telefon. I toppmånaden april var 3 prosent  med video og 28 prosent med telefon.

Den lokale styringsgruppa for Alle Møter-programmet har gjennom prosjektet «Evaluering og utvikling av digital heimeoppfølging» i Helse Bergen sett saman ei gruppe frå ulike stabsfunksjonar til å hjelpe kliniske einingar som ønskjer å ta i bruk digitale verktøy til heimeoppfølging av pasientar. Prosjektgruppa vil saman med klinikarane sjå på kva situasjonar og pasientgrupper som kan ha nytte av slik oppfølging og kva verktøy som kan eigne seg.

Det er òg viktig å sjå på kva arbeidsprosessar som må etablerast for å ha god nytte av verktøya og kva som eventuelt trengst av opplæring og kompetansebygging. Det er ønskjelig at dei kliniske einingane set seg mål for kva dei vil oppnå med nye digitale arbeidsmåtar, slik at ein kan evaluere om det gir den effekten ein ønskjer.

Som i innslaget i Dagsrevyen har vi fått fleire positive tilbakemeldingar frå pasientar og behandlarar når det gjeld videokonsultasjon, men det er uhyre viktig at det blir gjort nøye vurdering på kva type konsultasjonar som eignar seg til dette. Her skal ein ikkje berre sjå på gevinst for sjukehuset, men òg gevinst for pasienten. Det skal vere trygt og føremålstenleg med videokonsultasjon, seier Eivind Hansen, adm. direktør, Helse Bergen.

Tryggleik og kvalitet for pasienten

Bilde av Lars Birger Nesje

Prosjektleiar, Lars Birger Nesje

For nokre pasientar og pårørande utgjer reisa i seg sjølv ein betydeleg belasting. Nokre opplever det trygt å snakke med behandlar frå sitt eiga heimemiljø. Video- og telefonkonsultasjonar har i ein pandemisituasjon blitt ekstra aktuelt fordi dei ikkje medfører nokon smitterisiko.

– I dei tilfella der behandlaren ikkje treng å undersøkje pasientar fysisk, kan video spare pasientar og pårørande for tid og unødig reiseaktivitet. Av og til kan pasientar følgjast med telefonkonsultasjonar, men video gir i tillegg ein visuell kontakt som mange opplever nyttig, seier Lars Birger Nesje, prosjektleiar, dr. med. Seksjon for e-helse.

– Det er viktig at tryggleiken til pasienten og kvaliteten på tenesta blir teke hand om òg ved digitalisert oppfølging. Som regel vil digitale helsetenester inngå i eit forløp som òg inkluderer fysiske konsultasjonar eller innleggingar. Behandlaren må vurdere kva pasientar og situasjonar som eignar seg for oppfølging heimanfrå. Det vil sjølvsagt framleis vere behov for fysiske sjukehustenester, men digitaliseringa kan gjere det lettare for enkelte pasientar å klare seg og ha kontroll på eigen livssituasjon heime.

Ber interesserte avdelingar melde si interesse

Prosjektdeltakarane frå FoU- og P&O-avdelinga har allereie bistått fleire einingar med å komme i gang.

– Vi håpar å kunne bruke denne erfaringa i å hjelpe fleire kliniske einingar med råd og tilrettelegging både når det gjeld behovsvurdering, val av metode, organisatoriske tilpassingar og kompetansebygging. Vi vil òg kunne bidra med å evaluere effekten av nye digitale tenester, seier Nesje.

Leiar i styringsgruppa for Alle Møter, viseadm. direktør Clara Gjesdal, har sendt ut invitasjon til alle nivå 2-leiarane og bede om at dei som er interesserte i å komme i gang med å prøve ut digital heimeoppfølging, melder dette inn til Lars Birger Nesje innan 30. november. Nokre einingar har allereie meldt si interesse, men det er framleis rom for at fleire melder seg.

Sjå innslaget frå Dagsrevyen