Pasientrettar ved tilbakefall etter taTME

Pasientar som er behandla for kreft i endetarmen med operasjonsmetoden taTME, kan ha rett til erstatning ved tilbakefall. Metoden er stoppa fordi det er observert fleire tilbakefall av kreften enn venta.

operasjonsutstyr
Illustrasjonsfoto.

Alle i Noreg som er opererte med denne metoden (transanal total mesorektal eksisjon (taTME)), skal ha blitt informerte om kvifor bruken av denne metoden er stansa, og korleis dei skal følgjast opp med ekstra kontrollar.

Det blir no også sendt ut informasjon om pasientrettar for å sikre alle pasientar er kjende med rettane dei har etter å ha vore gjennom denne behandlinga.

Kvalitetsregister

I Noreg blir operasjonar for kreftsvulstar i endetarmen og resultata etter operasjonane registrerte i eit felles register. Registeret gir god oversikt over behandlingsresultata.

Etter at det blei klart at den nye operasjonsmetoden (taTME) auka faren for lokalt tilbakefall av kreftsvulsten, har ein gått gjennom tala for alle i Noreg som er opererte med taTME. Så langt er det påvist lokalt tilbakefall hos 12 av 157 pasientar (7,6 prosent). Samanlikna med resultat for pasientar som er behandla med den tradisjonelle operasjonsmetoden, er det fleire lokale tilbakefall enn forventa.

Den auka faren for tilbakefall i bekkenet er grunnen til at ein har bestemt seg for å gi pasientane som er opererte med taTME, ekstra tett oppfølging.

Rettar ved tilbakefall

Dersom du har fått tilbakefall eller skadar etter behandlinga, kan du be Fylkesmannen i fylket ditt om å opprette ei tilsynssak. Ein slik klage kan du sende direkte til Fylkesmannen.

Dersom du har fått lokalt tilbakefall eller skadar etter behandlinga, kan du søkje om erstatning. Ein slik søknad skal sendast til Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Norsk pasientskadeerstatning

Ønskjer du meir informasjon?

Pasientar som er behandla med taTME vil få meir og oppdatert informasjon i samband med dei neste kontrollane.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte pasientkoordinatoren ved klinikken. Pasientkoordinatoren kan òg formidle samtale med lege. Samtalen kan skje via telefon eller ved ein snarleg time ved poliklinikken.