Patologien tar steget inn i det digitale

Ein stad, langt inne i kjerna på sjukehusa våre ligg det siste, analoge knutepunktet mellom alle fastlegar, spesialistar, og det meste av behandlingsmetodane våre – Avdeling for patologi. I snart 150 år har mikroskopet vore det viktigaste arbeidsverktøyet, men no skal patologien få kome inn i den digitale verda – «snitta» skal på skjerm.

Patolog fester voksblokker i små kassettar
 

​Patologien er for mange eit ukjent eller ullent konsept, trass i at det kanskje er det mest fotogene fagfeltet vi har; skal Hollywood syne eit laboratorium der det skjerast og dyppast, forskast og studerast, så er det typisk patologiavdelinga du får sjå. Rad på rad med mikroskop, glasplater, og ikkje minst massevis av biomasse - altså kjøt og bein.

Frå og med januar 2020 får Helse Vest ansvaret for å lose heile det nasjonale digitaliseringsprosjektet i hamn – i samarbeid med dei andre helseregionane.

– Vi skal no få vere med å løfte patologiarbeidet inn i ei ny, digital verd. For patologane og bioingeniørane våre sin del, skal dette verte ein arbeidskvardag med minst like høgt nivå av presisjon og kvalitet som i dag, men med enklare og smidigare arbeidsprosessar, fortel nasjonal prosjektleiar Kristine Bø. Ho har fram til no vore prosjektleiar for Digital patologi i Vest, men tok i januar 2020 over roret i det nasjonale prosjektet òg. Det er ikkje berre eit viktig interregionalt samarbeid for patologiavdelingar, men òg for deg som brukar av helsetenestene våre, understrekar ho.

– For pasienten vert ikkje skilnaden like synleg og handfast som for patologen, men ein av dei overordna vinstane er auka pasientsikkerheit. Vi får digitale «snitt» rett på skjerm, som kan sendast på eit par sekund frå ekspert til ekspert på tvers av regionar, der dei tidlegare måtte pakke dei og sende i posten - med den tida det tok. I tillegg kan gamle snitt frå tidlegare behandlingar hentast fram med eit tastetrykk, medan i dag er prosessen noko meir langdryg kan ein seie (sjå video under frå Haukeland universitetssjukehus).

 

Kva er patologi?

Patologiarbeidet er ein av grunnsteinane i behandlinga du får som pasient – ein så vesentleg del av behandlinga til fastlegen eller spesialisten at det er lett å «gløyme» det. Som lyset i lampa på kontorpulten, eller olja på bilen.

– Alle biopsiar, eller prøver frå kroppen, som vert tekne av sjukehuslegane eller fastlegane ute i alle distrikta kjem til oss patologar. Til dømes absolutt alle blindtarmar som vert tekne ut, vert sjekka her, fortel avdelingsingeniør Silje Kristiansen i Helse Bergen.

Når «varene» kjem med posten, vert dei prosessert gjennom mange stasjonar på patologiavdelingen, før dei til slutt kan kallast eit snitt som er klart til mikroskopet.

Først vert dei behandla med ulike kjemikaliar – «fiksert» - slik at den naturlege nedbrytinga av biomaterialet vert senka kraftig ned. Ingenting varer evig, men denne konserveringa gjer holdbarheita frå timar til tiår – om ikkje endå lengre.

Bitar. Pinsett. Grønne hansker.

Dei små bitane med blindtarm eller kva det skulle vere, vert støypt inn i flytande voks.

Vidare vert prøva støypt inn i ei voks-blokk, for at den skal vere i ein lagringsvenleg og handterleg format – altså fast i fisken, men ikkje minst for at det skal vere mogleg å skjere opp prøva i dei særs tynne snitta.

– Snitta er vanlegvis tre mikron tjukke – det vil seie éin 33-del av tjukkelsen på eit printerark. Og så legger vi snitta over på glasplater til mikroskopet.

Kristiansen forklarar, medan bioingeniør-kollegaen hennar snittar ut dei noko sparsommelege skivene. Dei vert så farga med ulike fargevæsker, som festar seg til ulike celletypar eller sjukdomsteikn som finnast i vevet. Det er desse fargeutslaga som hjelper patologane å kunne stille diagnosar, gjennom mikroskopa sine.

Ei blokk blir vist fram.

Forutan kassettane har blokkene vore ganske uendra dei siste 70 åra. Her ser du ei frå 50-talet.

– Men vi har skannar og digitale snitt i dag óg, altså, det er ikkje berre glas. Desse digitale snitta vert berre brukt til særskilte saker, eller til forskingssamanheng.

Kvifor vert ikkje alle prøver skanna då? kan ein jo spørje seg – det er jo heile poenget med digital patologi, er det ikkje?

– Dette er den raske skannaren, den treng berre tre til fem minutt per snitt.

I skapet bak Silje står dei nyaste snitt-glasa til arkivering, Ho reknar med at det vert produsert om lag 1 100 snitt per dag, så reknestykket her går skeis ganske kjapt.

– …glaset veger ein del, det er ikkje tilfeldig at arkivet ligg i botnen av sjukehuset, fortset Silje mekanisk. Det er tydelegvis ikkje første gongen ho har sett reaksjonane på det overveldande synet skuffeseksjonen med korttidslageret gjev. Sjølve hovudlageret er eit kapittel for seg sjølv.

Etter at patologen har fått kloa i snitta og gjort seg opp sine meiningar, går det ein konklusjon attende til oppdragsgjevaren, om det er fastlegen eller ein anna ekspert i korridorane til Helse Vest.

 

Fjernlageret til Haukeland universitetssjukehus har snitt heilt attende frå 50-tallet og før. I kvar skuff ligg det hundrevis av glasplater, og det var her dei fann den mystiske eska med «Isdalskvinnen» som vart til ein podcast.

Korleis blir patologien?

– Dette har vore manuelt arbeid sidan vi starta med patologi på midten av 1800-tallet. Det tyder jo at det har vore ein solid og presis metodikk, sidan levetida har vore så lang, reflekterer Kristiansen. Like framt står moderniseringa for døra. For pasientane vert det ventetid, og på sikt betre presisjon, som er vinsten, men for patologigjengen på Haukeland universitetssjukehus er det den nye arbeidskvardagen, og nye, betre arbeidsverktøy som kanskje er den største rosina.

Mann med mikroskop.

Dagens patologiarbeid er eit dans mellom glasplater, mikroskop og datamaskin til notering. Med digital patologi vert pultane gjerne berre befolka av ein skjerm.

– Patologens arbeidsstad er overlessa med glassnitt i dag. Med digital patologi er alle snitta berre eit tastetrykk unna, fortel patolog Sabine Leh. På sikt ser ho føre seg patologien litt som sikkerheitskontrollen på flyplassen; datamaskiner hjelper patologen å finne kreft og andre «farlege ting i bagasjen». Sjølv har ho eit eksempel på korleis den digitale patologien kan sjå ut. Alt på ein skjerm, piler i alle retningar, navigeringsmoglegheiter og ikkje minst sanntidstilgang til gamle snitt.

Ingen lange turar til kjellaren med andre ord.