Utdanningsprisen i Helse Vest 2020 går til portørseksjonen i avdeling for sikkerhet og service, divisjon for driftsservice på Stavanger universitetssjukehus (SUS) og seksjon for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune.
Dei får prisen for å ha etablert ein god yrkesfagleg praksisarena for portørfaget, gjennom eit strukturert og godt samarbeid mellom sjukehus og vidaregåande skule.

Frå venstre Helle Schøyen, adm.dir Helse Stavanger, Ketil Helgevold, Helse Stavanger, Inger Cathrine Bryne, adm.dir. Helse Vest RHF, Einar Strømsvåg, styreleiar Helse Vest, prisvinnar Leif Moen, Helse Stavanger og Hilde Christiansen, MOT-direktør Helse Vest.
Allsidig yrke
Opplæringsansvarleg Leif Moen er ein av dei som i ei årrekkje har arbeidd for å løfte portørfaget. Då han starta i 1999 fekk nye portørar fem dagar med opplæring.
I 2015 vedtok Utdanningsdirektoratet portørfaget som nytt lærefag, og i dag består utdanninga av to år på vidaregåande skule og læretid. I år samarbeider SUS og Bergeland vgs om eit prøveprosjekt med eit tredje år på skule i staden for læretid.
Leif Moen var først i landet med fagbrev som portør
Portøryrket handla tidlegare mest om tunge løft og køyring av daude personar, men i dag har ein portør mange fleire oppgåver. I tillegg til å ta godt vare på pasientane og frakte dei mellom ulike avdelingar på sjukehuset, må ein portør i dag ha kunnskap om lager og logistikk, kjeldesortering, sortering av tøy, smittevern, brannslukking, hjarte- og lungeredning, løfteteknikk og etikk. For å nemne noko.
– Det er eit kjekt og veldig allsidig yrke. Vi er litt potet, og får vere med på alt, seier Moen.
Pensumbøker til nytt fag
Pensum for framtidige portørar har Moen og fleire tilsette frå SUS vore sterkt involverte i. Dei har bidrege med både tekst og foto i tre lærebøker om portørfaget, utgitt på Gyldendal, og kurskonseptet deira er henta rett inn i bøkene.
– Dette har gjort bøkene veldig praksisnære, seier han.

Frå ei av lærebøkene i portørfaget, der portørar frå Stavanger universitetssjukehus bidrog sterkt. Her spelar Leif Moen pasient.
I dag er det totalt 90 portørar på SUS, inkludert åtte lærlingar. Av dei fast tilsette er det omlag 25 som har teke fagbrev som praksiskandidatar.
Formell utdanning løftar faget. Sjukehuset har eit mål om å ta inn fleire lærlingar. Då må vi først løfte dei som alt arbeider her.
Leif Moen
Portørar på sjukeheim
Portørar har vanlegvis vore å finne på sjukehus, men eit prosjekt testar no ut portørar på sjukeheim. I samarbeid med Bergeland vidaregåande skule og Stavanger kommune er det oppretta eit prosjekt der lærlingar frå sjukehuset og vg2-elevar på Bergeland i ei portørgruppe ved Lervig sykehjem.
– Dei følgjer mellom anna pasientar til tannlege og sjukehus, reier opp senger og sorterer avfall og tøy. Vi håpar kommunen ser verdien av portørar, og vi får vist at det har blitt eit fag, seier Moen.

Ein glad vinnar, Leif Moen, på vegner av portørseksjonen ved Stavanger universitetssjukehus.
Modell for andre utdanningar
Utdanningsprisen blei delt ut i samband med styremøtet i Helse Vest 9. desember.
I grunngivinga legg juryen vekt på at engasjementet og yrkesstoltheiten som blir vist i prosjektet bidreg til utvikling og forbetring av kvalitet i utdanninga. Dei meiner modellen kan overførast til andre yrkesfaglege utdanningar.
– Prosjektet er viktig for portøryrket, men kan også vere rekrutteringsplattform til andre helseprofesjonsutdanningar som Helse Vest treng for å kunne ivareta mange oppgåver i ei helseteneste i endring, heiter det frå juryen.
Om utdanningsprisen
Utdanning er, saman med pasientbehandling, forsking og opplæring, ei hovudoppgåve for helseføretaka. Utdanningsprisen i Helse Vest set søkjelys på kor viktig utdanning er, og gir merksemd på tiltak som særleg godt vis framhevar dette.
Prisen blir gitt til grupper, team eller klinikkar som ved ulike initiativ eller tiltak har gjennomført ein innsats av stor betyding for utdanning i verksemder i føretaksgruppa i Helse Vest.
I år kom det inn 12 nominasjonar til utdanningsprisen. Juryen peikar på at alle nominerte, både personar og prosjekt, hever kvalitet på helsetenestene generelt og utdanning spesielt.
– Vi håper alle held fram med det gode arbeidet, og at dei blir nominerte igjen til utdanningsprisen neste år, understrekar juryen.
Viktig støtte frå leiinga
Prisen er ei anerkjenning på eit stort arbeid som er lagt ned over tid. Moen takkar leiinga som heilt frå starten har hatt tru på prosjektet.
– Både leiinga i Helse Stavanger og i driftsavdelinga har lagt forholda til rette, og har støtta oss i arbeidet med faget. Det hadde ikkje gått utan, seier han.
Leif Moen mottok prisen frå styreleiar i Helse Vest, Einar Strømsvåg. Prisen er på 100.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk.
Av:
Karoline Reilstad. Foto: Kjetil Alsvik