Prisar til diabetes-forsking og programvare for betre prøvesvar

Ralf Kellmann får innovasjonsprisen i Helse Vest for ei løysing som held orden på enorme mengder analysedata, medan Pål Rasmus Njølstad får forskingsprisen i Helse Vest for banebrytande forsking på diabetes hjå barn.

Pål Rasmus Njølstad, Baard-Christian Schem og Ralf Kellmann.
Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem (i midten) saman med vinnar av forskingsprisen Pål Rasmus Njølstad og vinnar av innovasjonspisen Ralf Kellmann.

Forsking og innovasjon er, saman med pasientbehandling, utdanning og opplæring, ei sentral oppgåve for Helse Vest. Nye løysingar og forskingsbasert kunnskap er viktig for utvikle betre behandling for pasientar.

– Helse Vest har som mål at forsking og innovasjon skal vere av høg kvalitet og til nytte for pasientane våre. Det bidreg årets vinnarar, i aller høgaste grad, til, sa styreleiar Einar Strømsvåg under den digitale prisutdelinga i samband med styremøtet i Helse Vest onsdag.

Prisane heng høgt, og i år var konkurransen ekstra hard med rekordmange nominerte til begge prisane.

Innovasjonsprisen: Betre analysesvar

Ralf Kellmann er spesialingeniør ved hormonlaboratoriet på Haukeland universitetssjukehus.

I 2012 utvikla han ei programvare som held orden på alle svara frå dei 2000 prøvane som blir analyserte på laboratoriet kvar veke. Løysinga heitar SpecBase og søgjer for ein effektiv og meir presis analyseprosess av prøvar frå mellom anna blod, spytt og urin. Innovasjonsprosjektet sparar tid og ressursar.

Det viktigaste er at den gir prøvesvara av høgare kvalitet enn tidlegare. Det kan få stor betyding for pasientar.

– Nøyaktige analysesvar er viktige for å stille rett diagnose og slik gi betre behandling, seier han.

– Det er ei stor ære

I grunngivinga trekk komiteen fram at Kellmann har klart å fullføre eit innovasjonsprosjekt frå forsking til kommersialisering, med dokumenterte resultat som er gjort synlege og tekne i bruk ved Haukeland universitetssjukehus.

– Det er ei stor ære og eit kvalitetsstempel for prosjektet. Utviklinga har vore eit teamarbeid, og eg vil takke alle som har vore med, seier han.

Les meir om innovasjonen til Kellmann

Forskingsprisen: Nye typar barnediabetes

Pål Rasmus Njølstad er professor ved klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen og overlege ved barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. I si forsking på barnediabetes har han identifisert genetiske bakgrunnar for ulike formar for barnediabetes.

Komiteen legg i si grunngiving vekt på at forskinga til Njølstad betyr mykje for kronisk sjuke barn.

– Betre forståing av sjukdomsmekanismane og terapi gir mange år med betre livskvalitet for denne pasientgruppa. Betra livskvalitet omfattar òg i praksis foreldre og næraste familie til desse barna, heiter det i innstillinga.

Njølstad set stor pris på tildelinga.

– Det er veldig kjekt, og veldig stimulerande. Som lege og forskar prøver eg heile tida å kople forsking og klinisk nytte. Derfor er det ekstra kjekt å få ein pris frå helseføretaket og anerkjenning av vår kliniske forsking, seier han.

Les meir om forskinga til Njølstad

Baard-Christian Schem, Pål Rasmus Njølstad og Ralf kellmann. Foto: Silje Robinson

Baard-Christian Schem, Pål Rasmus Njølstad og Ralf Kellmann.