Raskare pasientbehandling med ny digital flyt i Imatis

Ved hjelp av automatiseringa av informasjonsflyten har legane på Vurderingspoliklinikken på Haraldsplass spart mykje tid og fått ein meir effektiv drift. No vil sjukehuset vurdere vidare utrulling til andre poliklinikkar.

Jepser Blomquist i dialog med fysioterapeut på Haraldsplass. Foto: Ingrid Færøyvik

Ved hjelp av Imatis blir no informasjonsflyt i teamet automatisert, slik at dei ikkje bruker tid på å finne kvarandre for å gi ein beskjed. Dette har bidrege til at ein ventar mindre på kvarandre og får ein meir effektiv drift. Potensialet i denne flyten er stor, og Haraldsplass vil vurdere vidare utrulling til andre poliklinikkar, der fleire ressursar er knytte mot same pasient.

Ny organisering

På Vurderingspoliklinikken ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus blir pasientar med ortopediske lidingar tverrfagleg behandla, der ortoped, fysioterapeut og sjukepleiar samarbeider i eit team. Etter at legespesialistane gjekk over frå å gjennomføre pasientbehandlinga åleine til å leie eit behandlingsteam, har behandlingskapasiteten auka betydeleg og ventetida er redusert frå ni til éin månad.

Under ein konsultasjon på poliklinikken som varar 30-45 minutt, er pasienten i kontakt med inntil fire forskjellige medarbeidarar, og ein er avhengig av eit godt teamarbeid for å klare å gjennomføre dette.

Ortoped og klinikkoverlege, Jesper Blomquist sitter i en stol.

Ortoped og klinikkoverlege, Jesper Blomquist

Automatisert informasjonsflyt

Ortoped og klinikkoverlege, Jesper Blomquist, tok tidlegare i haust kontakt med prosjektet for å lufte en idé om korleis Imatis kunne støtte opp under ein meir effektiv flyt på Vurderingspoliklinikken.

I samband med innflytting i nye poliklinikklokale såg dei at det var mogleg å betre koordinering og informasjonsflyt i teamet. Blomquist og prosjektleiar sette seg saman, beskreiv ein ønskt flyt og vurderte kva moglegheiter som fanst i systemet for å få dette til.

Etter at bestilling blei sendt til Helse Vest IKT, kunne ny løysing bli teke i bruk i løpet av kort tid. Ved hjelp av Imatis blir no informasjonsflyt i teamet automatisert, slik at dei ikkje bruker tid på å finne kvarandre for å gi ein beskjed.

Skreddarsydd løysing

Blomquist påpeiker at det er viktig at den ansvarlege legen i størst mogleg grad er tilgjengeleg for å ta ei behandlingsavgjerd for ikkje å forseinke dei andre i teamet.

– Ved hjelp av Imatis mobilløysing kan eg heile tida ha oversikt over kor min innsats trengst utan at dei andre treng å springe rundt og leite etter meg. Med ei arbeidsliste som heile tida blir oppdatert i sanntid på både mobil og PC sikrar ein òg at dokumentasjon og operasjonsmeldingar blir utførte korrekt, seier Jesper Blomquist.

– For å få ønskt resultat var det heilt avgjerande at klinikar og prosjektleiar fekk moglegheit til å arbeide tett saman om løysinga. Gjennom å observere arbeidsflyt og lokale kunne applikasjonen bli skreddarsydd ut frå dei behova vi hadde, seier Blomquist.