Reiseråd og tilrådingar for medarbeidarar i Helse Vest som har vore i utlandet

Du må teste deg om du har vore i gule land og gå i karantene om du har besøkt raude. Her er råda og retningslinjene som gjeld når du kjem heim frå utlandet eller tenkjer deg på ei utanlandsreise.

Fly
Foto: Colourbox
Regjeringa kom onsdag 12. august med oppdaterte reiseråd. Alle land som var grøne», er blitt gule, medan fleire land og regionar i Norden blir raude. 
Samtidig anbefalar regjeringa å unngå alle unødvendige reiser til utlandet.

Helse Vest har med utgangspunkt i dette også oppdatert sine råd for alle medarbeidarar i regionen.

Du må ikkje i karantene om du kjem frå reise i eit gult land, men du skal  teste deg når du kjem tilbake til Noreg. Dette gjeld uavhengig av kva du jobbar med og om reisa handla om ferie, fritid eller anna årsak til utanlandsreise. Testen skal vere negativ før du kan gå på jobb igjen.  
  

– Vi ser at talet på smitta i landet har auka den siste tida. Difor må vi gjere det vi kan for å beskytte kvarandre. Vi treng alle våre gode medarbeidarar på jobb, det er også slik vi får hjelpt flest mogeleg pasientar, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Folkehelseinstituttet (FHI) og Utenriksdepartementet gir praktiske råd om førebuingar av utanlandsreiser. Sjå meir informasjon og oppdatert oversikt over kva land/område som er kva farge.

Dette er tilrådingane som gjeld no:

Om du tenkjer å reise utanlands


  • Regjeringa ved statsminister og helseminister tilrår generelt å unngå unødvendige reiser utanlands. Det er ei anbefaling vi sluttar oss til.
  • Alle utanlandsreiser inneber risiko for smitte, også reiser til gule  land/område som er unnateke karanteneplikt. Reiser hit skjer på eige ansvar. Under dei rådande forholda ber arbeidsgivar om at alle tilsette nøye vurderer både behovet for å reise og kva forholdsreglar ein bør ta når ein vel å reise til dei enkelte landa/områda.
  • Reiser til land/områda med høg smitterisiko («raude» land/område med karanteneplikt) er ikkje tilrådd. Dersom tilsette likevel meiner at dei har viktige grunnar for å reise til slike land/område, ber vi om at reisa først blir tatt opp med nærmaste leiar.

Karantene og ferie

  • Dersom tilsette vel å reise til «raude» land/område med karanteneplikt, ber vi om at dei på førehand gjer greie for korleis karantenetida vil bli gjennomført, slik at plikter og ansvar i arbeidsforholdet ikkje blir ramma unødig. Karantenetida er i dag på ti dagar.
  • Karantenetida skal primært planleggjast som ein del av feriefråværet. Dersom karantenetida ikkje inngår i det avtalte feriefråværet, må tilsette gå i karantene utan lønn (ulønna permisjon). Det er reiseråda på utreisetidspunktet som er avgjerande for dette, det vil seie at det gjeld reiser til «raude» land/ område på utreisetidspunktet.


Om du er på veg heim etter reise i utlandet

Dette gjeld alle medarbeidarar, enten du er helsepersonell, innleigd vikar, nytilsett eller har arbeid som ikkje er pasientnært. Og det gjeld uavhengig av kva reise, enten det er ferie, fritid, eller anna årsak til utanlandsreise, du har vore på. 

  • Har du vore på reise i eit gult land, skal du teste deg. Testen skal vere negativ, altså vise at du ikkje er smitta, før du kan gå på jobb igjen.
  • Har du vore på reise i eit raudt land, skal du uansett gå i heimekarantene i ti dagar.

Ta gjerne kontakt med din næraste leiar om du har spørsmål. Du finn også meir informasjon på intranett og/eller nettsidene til føretaket ditt.