Sjukehusa førebur fleire intensivplassar

Alle sjukehusa i Helse Vest førebur seg på å auke talet på intensivplassar.

Koronavirus

Helse Vest RHF har fått fleire spørsmål om kor mange intensivpasientar sjukehusa på Vestlandet kan handtere under koronapandemien.

Talet intensivplassar vil i normal drift variere med behov. I ein normalsituasjon har sjukehusa i Helse Vest til saman 57 intensivplassar med respirator. Dette er det vi maksimalt kan handtere innanfor vanleg drift.

Ved auka behov for intensivkapasitet under koronautbrotet kan talet intensivplasser aukast til nærmare 180 plassar. Det kan, mellom anna, innebere å gjere om andre lokale til intensivrom. Det vil igjen innebere at mykje planlagt kirurgisk verksemd blir satt på vent for å gje plass til kirurgi som ikkje kan bli utsett og for å frigjere personell til intensivbehandling.

Opplæring og simuleringstrening

Dette vil òg krevje auka bemanning. Det er starta opplæring og simuleringstrening ved fleire einingar i sjukehusa for å auke kompetansen til helsepersonell som ikkje jobbar ved intensiveiningane til vanleg.

– Det blir arbeidd godt og grundig i alle våre sjukehus for å planleggje og førebu utvidinga av intensivkapasiteten, både med tanke på bemanning og på utstyrssida, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF, Panchakulasingam Kandiah.

– Det er viktig å sjå intensivkapasiteten i regionen under eitt slik at ein kan nytte intensivplassane ved sjukehusa så langt det er mogleg, også i fall  særleg mange pasientar kjem til eitt sjukehus. Helse Vest har oppretta eit fagnettverk for intensivbehandling for å koordinere og samkøyre behandling og dele erfaringar for å ivareta pasienttryggleiken.

Fleire detaljar om utstyr og kapasitet

Sjukehusa i Helse Vest har totalt 115 intensiv-respiratorar, i tillegg til 53 anestesi-maskinar som kan nyttast som respiratorar.

Alle helseregionane i Noreg samarbeider om beredskapslager, og det er ei eiga gruppe som skal ha hand om dette samarbeidet. Dei skal til kvar og ei tid har oversikt over lager og tilgjengeleg utstyr, slik at det kan nyttast til det beste for heile spesialisthelsetenesta i Noreg.

Denne saka har blitt endra etter publisering. Endringa kom 19. mars.