Sjukehusa treng di hjelp!

Sjukehusa på Vestlandet treng ekstra personell raskt i samband med koronautbrotet. Er du lege, sjukepleiar, spesialsjukepleiar, jordmor eller student innan desse områda, og ikkje tilsett på eit sjukehus eller i ein kommune allereie? Er du helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller helsesekretær/medisinsk sekretær? Vi treng deg og kompetansen din.
Foto: Helse Bergen

​Registrer deg her:

– Det er allereie mange som tar kontakt og vil bidra. Det sett vi stor pris på! Både sjukehusa og kommunane treng helsepersonell no, og vi vil trenge mykje hjelp framover, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

– Vi appellerer til dei som har bakgrunn frå helsetenesta som no arbeider i andre verksemder, til dei som er heime frå studiar andre stader og alle andre med relevant bakgrunn. Sjukehusa står framfor ei krevjande oppgåve, og her kan ein absolutt gjere ein forskjell, få faglege utfordringar og verdifull erfaring i tida som kjem.

Vi treng altså deg som ikkje har eit stillingsforhold i sjukehus eller kommune og som ønsker å bidra. Har du allereie eit arbeidsforhold i sjukehus og/eller kommune, er du medrekna i planane våre og treng ikkje melde deg her. Det er også gitt eigen informasjon til studentar ved universiteta og høgskulane på Vestlandet. Vi oppmodar alle som trur dei kan ha relevant kompetanse om å registrere seg.

I denne omgang vil vi at du registrerer deg med CV, så tar vi kontakt ved behov. Når du registrerer deg, ber vi om at du fortel oss, alt etter kva bakgrunn du har:

  • Kva utdanning du har og spesifiserer erfaring. Legg ved autorisasjonsnummer om du har det.
  • Kva utdanning tar du, og kva semester/studieår er du på.
  • Kva type erfaring frå sjukehus og kommune du eventuelt har.
  • Når du kan starte å arbeide og i kor stor stillingsprosent.

Helseføretaka sine informasjonssider om koronaviruset: