Sendingar som kjem til Noreg, blir først henta på Gardermoen, og frakta vidare til Helse Sør-Øst sitt lager på Kløfta. Her blir utstyret først testa og kvalitetssikra før det blir fordelt og sendt vidare til dei ulike regionale helseføretaka.
Dei regionale helseføretaka har vidare ansvaret for å fordele utstyr både til sjukehusa og kommunane.
Godt samarbeid med ekstern aktør
Sidan midten av mars har Helse Vest samarbeida med ein ekstern aktør om trygg handtering av varar inn og ut av lageret.
Logistikk er spesielt viktig i ein situasjon som denne, og no set logistikken seg meir og meir. Samstundes er det god utvikling i kvaliteten på innpakningen frå leverandørane. Det er viktig, sidan mykje av utstyret som blir tatt imot, krev ekstra sikkerheit og er temperatursensitivt.
Stor leveranse
Kvar dag sidan avtalen blei inngått har det vore leveringar av ulik storleik til lageret. Fredag 17. april kom ein ekstra stor leveranse. Sjåførane Geir Bæverfjord og Henrik Allgardheim frakta dei 150 pallane med etterlengta smittevernutstyr frå Austlandet til Bergen.
– Vi er heldig som får køyra så verdifull last som dette, seier dei to, som til vanleg køyrer for store TV-produksjonar og smørebil for Skiforbundet.
Foto: Thomas Martin Abrahamsen
Mellom anna hadde dei med seg 28 000 smittedrakter, 62 000 smittefrakker, 357 000 munnbind, 35 000 latekshanskar, 900 operasjonsluer, 21 600 vernebriller, 20 000 visir, 568 000 nitrilhanskar og 23 000 andedrettsmasker. Alt importert frå Kina.
Frå lageret blir utstyret fordelt vidare til primær- og spesialisthelsetenestene, fordelt etter folketal.
Les meir om korleis kvaliteten på smittevernutstyret blir kontrollertFFHI gir råd til helsepersonell om korleis ein reduserer behovet for smittevernutstyr. Råda gjeld både kommune- og spesialisthelsetenesta