Styrkt beredskap i ny grossistavtale for legemiddel

Dei fire regionale helseføretaka i Noreg og Forsvaret har inngått ny grossistavtale for legemiddel. Kontrakten er tildelt Alliance Healthcare Norge AS. Den nye grossistavtalen gir betre beredskap ved mangel på legemiddel, og trer i kraft 1. februar 2021.

Illustrasjonsbilde av sprøyte. Foto.
Illustrasjonsfoto

Det er lagt inn større beredskapslager i denne nye avtalen samanlikna med den førre.

– Dei regionale helseføretaka er godt nøgde med å få denne avtalen på plass. Ikkje minst betyr dette mye for beredskapen i ei tid som er prega av ustabil tilgang på legemiddel, seier administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF, Cathrine M. Lofthus.

Sjukehusapotekføretaka i dei fire regionane har på vegner av dei fire regionale helseføretaka gjennomført ei anskaffing av grossisttenester for legemiddel.

Avtalen omfattar dei regionale helseføretaka, Lovisenberg Diakonale Sykehus, Diakonhjemmet Sykehus og Forsvaret. Varigheita er 4 år med einsidig rett for dei regionale helseføretaka til å utøve opsjonar på 2+2 år (til saman maksimalt 8 år).

Samarbeid med Forsvaret

Helse- og omsorgsdepartementet ba dei regionale helseføretaka i brev av 30. januar 2019 om å vurdere moglegheitene for eit samarbeid med Forsvaret innanfor innkjøp. I tilbakemeldinga til Helse- og omsorgsdepartementet blei det peikt på at den pågåande anskaffinga av grossistavtale kunne vere eit første område å samarbeide om.

Dette samarbeidet er etablert og leveransar til Forsvaret er derfor innlemma i konkurransen. Forsvaret skal ha legemiddel til eige apotek og til beredskap. Forsvaret vil signere eigen avtale og stå juridisk ansvarleg for denne.

Totalt volum på 5,9 milliardar kroner årleg

Anskaffinga er estimert til å ha eit økonomisk omfang på 1,5 – 1,9 mrd kroner årleg. Dette beløpet omfattar verdien av varer som ikkje er skaffa gjennom andre avtalar. Total årleg verdi av volumet som skal handterast gjennom grossisten er om lag 5,9 mrd kroner.

Styringsgruppa for prosjektet innstilte einstemmig på at kontrakten blei tildelt Alliance Healthcare Norge AS. Dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka har slutta seg til dette. Alliance Healthcare Norge AS er også dagens legemiddelgrossist.