Tilbodet til pasientar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling

Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) er del av spesialisthelsetenesta og følgjer dei same smitteverntiltaka som andre fagområder. Pasientar som er i akutt og heilt nødvendig behov av helsehjelp blir prioriterte framfor pasientar som har ein mindre alvorleg tilstand.

korona

- Som eit overordna prinsipp skal alle fysiske møter mellom menneske reduserast til det minimale i den fasa vi er inne i no. Dei som har behov for helsehjelp aller mest må prioriterast uavhengig av om det gjeld psykiske, eller somatiske lidingar eller rusmiddelavhengigheit. Slike vurderingar er krevjande, men dette er noko helsepersonell har kunnskap om og erfaring med å gjere, seier Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. 

For pasientar i TSB vil det vere ein del som har psykiske lidingar i tillegg til rusproblemet. Ved utskriving frå døgnbehandling er det viktig at pasientane blir vurderte med tanke på eventuell overdoserisiko. Innanfor begge fagområda er sjølvmordsrisiko ein faktor som alltid er med i vurderingane. 

Dei same vurderingane blir gjort i TSB-tilbodet i helseføretake og i dei private institusjonane med avtale med Helse Vest. Pasientar som er i akutt og heilt nødvendig behov av helsehjelp blir prioriterte framfor pasientar som har ein mindre alvorleg tilstand.

Digitale løysningar

Alle einingar i Helse Vest skal nytte digitale verktøy for å oppretthalde normal drift så langt det er mulig. Dette kan vere bruk telefonkonsultasjonar, videokonferanseløysing eller over nettet. På denne måten vil vi kunne følgje opp pasientane på ein god måte og samtidig redusere risiko for smitte knytt til oppmøte på dei distriktspsykiatriske sentera (DPS) og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP). 

Det vil bli gjennomført færre konsultasjonar, men pasientar som har behov for poliklinisk behandling for å hindre forverring og redusere risiko for innlegging blir prioriterte.