Tildelinga av frie midlar, utan tematiske føringar, tek utgangspunkt i søknadane som er sende inn innan fristen 15. september. Minimum 75 prosent av forskingsmidlane i Helse Vest skal gå til prosjekt som søkjer desse midlane.
Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen er førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen, leia av professor Kåre Birkeland, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest.
To vurderingskriterium
Søknadane er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium – for Helse Vests forskingsmidlar. Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadane, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.
– Det er også i år høg kvalitet på søknadane og hard konkurranse om dei utlyste midlane. Søknadane illustrerer forskingsfronten på fleire viktige felt og det er fortsatt dei store og sterke miljøa som kjem høgast på innstillinga, med nokre heiderlege unntak, seier Kåre Birkeland.
Birkeland peikar på at det, litt overraskande, var eit fåtal av søknadane som tok utgangspunkt i covid-19-epidemien, men nokre av desse er blant dei innstilte.
Fleire med blanda design
Det er stadig fleire søknadar som legg opp til eit blanda design av kvalitative og kvantitative studiar. Det kan være svært verdifullt, men ved fleire høve blei den kvalitative delen bedømt for svakt grunngitt og forklart.
Fleire prosjekt vil også nytte kombinasjonen av registerdata og kliniske studium, og dette kan vere vellykka om det er ein godt planlagt og grunngitt samanheng mellom dei ulike delane av prosjektet.
– I kategorien klinisk forskarstipend var det i år ingen søknadar som blei sende til fagleg vurdering. Vi håper fleire klinikarar etter kvart nyttar seg av denne verdifulle sjansen til å kombinere klinisk arbeid med forsking, avsluttar Birkeland.
Les meir om tildelinga (PDF) Tildeling 2020 og søknader på venteliste (PDF) Vidareførte stipend og prosjekt (PDF)Tildelingsbrev blir sendt ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut innan 17. desember.