To månader med Imatis: – Løysinga fungerer heilt topp!

To månader er gått sidan Helse Førde tok Imatis i bruk, og det store spørsmålet er no kva erfaringane så langt har vore. Klarer vi å innfri forventningane til innbyggjarane, og kva seier behandlarar som nyttar løysinga i si daglege drift?

Avdelingssjef og overlege Odd Arne Standal og seksjonsleiar Janne Beate Skudal Sunde frå Augepoliklinikken hos Førde sentralsjukehus.

​Poliklinikkane i Helse Førde er i full gang med Imatis-løysinga frå Innsjekk og betaling. Den vellukka innføringa har allereie fått positiv merksemd i avisa. Ifølgje prosjektleiar, Annette Fosse, har sjukehuset lagt ned eit godt stykke arbeid for å sikre rett bruk av løysinga og dei er flinke til å ta i bruk moglegheitene som løysinga byr på.

– Vi opplever at skjermane i venteromma i stor grad blir oppdaterte utover dagen. Behandlarar kallar pasienten direkte inn til behandlingsrom via Imatis og dei aller fleste er flinke å ferdigstille i løysinga, slik at pasienten vert klar til eventuell neste avtale på sjukehuset.

Det vert mellom anna jobba mykje med arbeidsprosessar, og det er eit kontinuerleg arbeid i drift for å sikre at vi oppnår mål om at pasienten sjølv skal kunne velje korleis han ynskjer å betale eigendel.

Fornøgde brukarar

Ved augepoliklinikken på Førde sentralsjukehus opplever dei at mange pasientar gjev positive tilbakemeldingar. Avdelinga sine tilsette er aktive i bruk av løysinga, og kallar mellom anna pasientar inn til behandlingsrommet via Imatis.  Odd Arne Standal er avdelingssjef og overlege på avdelinga, og vi møter han på veg rett ut frå operasjonsrommet for anledninga.

– Løysinga er relativt enkel i bruk. På «ønskjelista» har eg at når eg er ferdig med å leggje inn takst og teke oppgjør, bør Imatis automatisk gje pasienten status som ferdig i Imatis. Men det kjem vel etterkvart, seier Standal med eit smil.

– Eg opplever også å ha meir tid til førebuande arbeid før pasienten kjem inn på behandlingsrommet. I tillegg har eg god oversikt over eventuelt andre avtalar pasienten har på sjukehuset same dagen, og kan halde meg oppdatert på status for desse avtalane.

Sykepleiere og leger som står i gangen med tommelen opp

ØNH poliklinikk med mellom andre avdelingssjef og overlege Helge Hagen

– Noko av det betre

Overlege og avdelingssjef Helge Hagen ved øyre/nase/hals-avdelinga på Førde sentralsjukehus seier det slik:

– Denne løysinga er noko av det betre nye vi har innført, og det er til hjelp i den daglege drifta. I tillegg til positive tilbakemeldingar frå pasientar, bidreg løysinga rett og slett til meir effektiv drift ved at sjukepleiar slepp å bruke tid på å hente pasient fordi vi no kallar dei inn sjølve via Imatis.

Hagen peikar på kor viktig det er å bruke tid for å få inn gode rutinar hos alle behandlarar.

– Det er viktig at alle behandlarar brukar systemet rett. Eg har opplevd at ein pasient med avtale på anna poliklinikk same dag ikkje var ferdigstilt hjå førre behandlar. Dette skapte unødvendig venting for pasienten hjå oss. Men det er stort fokus på slike ting i klinikken, og det skjer heldigvis ikkje ofte.

Fordi ØNH-poliklinikken er lokalisert så nær resepsjonsområdet der automatane står, blir det relativt kort tid å få lagt inn takst og ta oppgjør før pasienten står klar til å betale.

– Mange av pasientane er eldre personar, og vi må ha respekt for at ikkje alle pasientar har nettbank eller Vipps tilgjengeleg. Difor er det viktig at vi har gjort ferdig det vi skal i våre system for at dei av våre pasientar som ønskjer det, skal kunne betale med kort på automat før dei forlet sjukehuset, avsluttar Hansen.

Sykepleiere og leger som står på sengepost med tommelen opp.

Hud poliklinikk med mellom anna LIS lege Haakon Richard Eie på bildet.

– Heilt topp!

Hud poliklinikk er ein anna avdeling som har positive erfaringar med Imatis-løysinga så langt.

– Vi opplever at løysinga fungerer heilt topp! Vi var litt skeptiske i starten, og eg må innrømme at eg i byrjinga henta pasienten på venterommet, seier LIS-lege Haakon Richard Eid på hud poliklinikk ved Førde sentralsjukehus.

Han melder om at systemet responderer raskt og at pasientane tilpassar seg på ein god måte.

– Vi kallar no stort sett alle våre pasientar direkte inn til behandlingsrommet frå PC-en. Vi slepp no å fysisk sjå etter på venterommet om pasient er komen.

Eid kan sjekke i Imatis om pasienten er ferdig på eventuelle andre avtalar, og ser om pasienten er registrert.

– I tillegg er det supert å kunne sende melding til pasienten dersom det er forseinkingar som oppstår i løpet av dagen.