Trygg på koronatesting

Ingen skal trenge å uroe seg for kapasiteten på analyse av koronatestar på sjukehusa. Sjukehusa gir også prøvesvar så raskt som mogleg.

Helsepersonell ser på skjermer i et laboratorium. Foto.
Laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Foto: Katrine Sunde.

Dei siste vekene er det stilt spørsmål ved testkapasiteten på korona i sjukehusa for prøver frå Haugalandet. Spørsmål er blitt stilte i media og i eit brev til Helse Vest ber fleire ordførarar om større lokal kapasitet på testing og raskare prøvesvar.

Det skal heilt unntaksvis vere lengre svartid på prøvar enn 48 timar. Vi undersøker no kvifor det tok så lang tid med dei omtalte prøvane. Årsaka til forseinkinga kan liggje på fleire område, til dømes transport, analyse og utsending av svar. Dette skal vi finne ut av og rydde opp i.

La oss slå fast at testkapasiteten på Vestlandet er god, og samarbeidet mellom føretaka gjer at ein utnyttar testkapasiteten så godt som råd. Den største kapasiteten på testing er lagd som eit oppdrag til universitetssjukehusa i landet, i tråd med faglege råd, kompetanse, utstyr, bygg og meir. Stavanger og Haukeland universitetssjukehus kan til saman analysere opp mot 50 000 testar i veka. I veke 33 blei det utført 3 884 analysar totalt i Helse Vest. Dette er eit relativt lågt tal.

Testkapasitet handlar om tekniske forhold som maskinar, men like mykje om kompetanse og laboratorieforhold. Kapasiteten på analyse av koronatestar ved sjukehusa i Haugesund og Førde er først og fremst bygd opp for sjukehusa sine eigne behov. Ein god del prøvar frå Haugalandet blir altså sende til Bergen eller Stavanger. Den som er testa finn svaret ved å logge seg inn på helsenorge.no.

Helse Fonna har i tillegg bestilt ein maskin som skal auke testkapasiteten lokalt. Denne maskinen er venta i midten av september. Maskinen gjer at Haugesund sjukehus kan gjere fleire analysar lokalt. Det er bra. Blir det nødvendig å teste fem prosent av befolkninga per veke, som er eit stort volum, vil prøvar framleis gå til dei større sjukehusa, i tråd med den nasjonale organiseringa.

Haldis Johanne Økland Lier
Fagdirektør Helse Fonna HF

Baard-Christian Schem
Fagdirektør Helse Vest RHF