Ny folkeopplysingskampanje

Vil at fleire snakkar om sjølvmordstankar

«Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv». Det er ikkje så viktig korleis du spør. Det viktigaste er at du gjer det. Det er tungt å leve under ein pandemi. I desember kjem ein ny runde av Helse Vest sin kampanje for å førebyggje sjølvmord.

Alexandra Gjerpen
Alexandra Gjerpen (skodespelar) er ein av ambassadørane som frontar bodskapet i årets kampanje. Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

​– Kampanjen har eit ganske enkelt, og likevel vanskeleg mål: At fleire skal våge å fortelje at dei har sjølvmordstankar og at menneska rundt dei skal våge å spørje, seier seniorrådgivar i Helse Vest RHF, Carina Paulsen Mæland. Ho leier den regionale arbeidsgruppa i Helse Vest som har utarbeidd kampanjen.

Informasjonskampanjen fekk mykje merksemd i fjor, der Kristoffer Joner bidrog til å formidle hovudbodskapen. Filmen med Joner i hovudrolla blei sett over 1 million gonger i sosiale medium og ei spørjeundersøking etter kampanjen viste tydelege tendensar til at kampanjen hadde gitt folk meir kunnskap om temaet.

– Spørjeundersøkingar i Noreg tyder på at tabuet rundt sjølvmord og sjølvmordstankar er i ferd med å brytast ned. Det er ei god utvikling som vi gjennom ein ny runde med kampanjen ønskjer å bidra ytterlegare til, seier Mæland.

Kampanjen startar no i desember og vil i perioden desember til januar vere synleg i fleire ulike kanalar som boards i bybiletet, sosiale medium, annonsar og omtale på nettstader, aviser og i tv.

Vil bryte ned tabu og fjerne mytar

Kampanjen set fokus på at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar, at det er mange som vil og kan hjelpe og ikkje minst at det er god hjelp få. I år har Helse Vest fått med seg fleire gode ambassadørar som frontar den viktige bodskapen i årets kampanje.

– Dei gjer det synleg på ein utruleg fin måte at det er heilt vanleg å ha periodar med tankar om at livet ikkje er verdt å leve, og det finst hjelp å få. Dei aller fleste vil ikkje trenge behandling i verken kommune- eller spesialisthelsetenesta, men kan få god hjelp av sine næraste. Men då må vi våge å snakke om det som er vondt, seier psykologspesialist og leiar for Haugaland og Karmøy DPS, Camilla Heggland.

Ho leier den lokale arbeidsgruppa som har ansvar for å følgje opp Helse Vest sin kampanje i Helse Fonna. Ho understrekar at det er forskjell på å ha tankar om sjølvmord og det å vere i akutt fare for å ta sitt eige liv.

– Akkurat dette er nok litt av utfordringa for kampanjen. Vi ønskjer å fortelle at det finst profesjonell hjelp i kommunen og i spesialisthelsetenesta, men samtidig vise at ikkje alle med sjølvmordstankar treng behandling hos oss. Det aller viktigaste er å gjere folk flest trygge på at dei kan ta denne samtalen med nokon dei er bekymra for, og at folk skal ha kunnskap om kor dei kan få hjelp dersom det er nødvendig, seier Heggland.

Ho meiner vi ikkje må undervurdere kva vi sjølv kan gjere for andre. Og at det ikkje alltid treng å vere så mykje som skal til.

– Det å bli sett, høyrt og forstått kan vere til stor hjelp for veldig mange. Det å setje ord på smerten, sorga eller bekymringane ein går med, vil kunne gjere at ein kjenner håp og ser løysingar, seier ho.

Det er mange som vil og kan hjelpe

I forkant av opplysingskampanjen har Helse Vest bidrege med kompetansespreiing og informasjon til mellom anna kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet, for å gjere dei som jobbar der, betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelege samtalene.

Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular spelar ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. Som del av folkeopplysingskampanjen har Helse Vest har der forlaga ei oversikt på nett over ressursinformasjon og e-læringskurs i sjølvmordsrissikovurdering som kan støtte helsepersonell og fagfolk i det førebyggjande arbeidet.

Førebygging av sjølvmord råd til helsepersonell og fagfolk

Felles samfunnsansvar

God behandling av psykiske lidingar, spesielt depresjon, kan førebyggje sjølvmord. I den den nye handlingsplanen til regjeringa skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging blir prioritet høgare. Planen inneheld tiltak for å gi rask hjelp og sikre gode behandlingsforløp – frå første kontakt i kommunen til behandling i spesialisthelsetenesta.

I arbeidet med folkeopplysningskampanjen har helseføretaka på Vestlandet på ulikt vis invitert til dialog og samarbeid med fleire ulike samarbeidspartar i regionen. Kommuneoverlege Katrine Haga Nesse i Karmøy har bidrege i planlegginga av kampanjeperioden i Helse Fonna for å få med kommuneperspektivet.

– Eg tenkjer at vi har eit felles samfunnsoppdrag, alle vi som jobbar med menneske, anten det er i skule- eller helsesektoren, på arbeidsplassen, i frivillige organisasjonar og generelt der folk møtest. Alle har eit ansvar for å bry seg og om å sjå kvarandre. Eg håpar denne kampanjen kan bidra til det, seier Haga Nesse.

Kampanjen kjem på eit viktig tidspunkt

Informasjonskampanjen er blitt ytterlegare aktualisert no i forbindelse med koronapandemien med rapportering om auka symptom på angst og depresjon, einsemd, isolasjon og passivitet i befolkninga. Det er tungt å leve under ein pandemi.

– Kampanjen kjem på eit veldig passande tidspunkt. Fordi at mange har det ekstra tøft no, er det viktig å synleggjere kva hjelpetilbod som finst i kommunar, frivillige organisasjonar med hjelpetelefonar, og i spesialisthelsetenesta. Det finst også fleire digitale sjølvhjelpsverktøy som kan vere gode. No lanserer Helse Vest i tillegg psykologbehandling via internett (eMeistring) i heile regionen, der ventetidene er korte. Dette må vi vise fram, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF, Ola Jøsendal.

På nettstaden helse-vest.no/selvmord har vi samla lenkjer til mange gode nettsider, tips og råd om kor det er hjelp å få, mellom anna telefonnummer til hjelpetelefonar. Det kan vere at det vil bli auka pågang på telefonen, og håpet er jo at fleire skal tørre å be om hjelp.

– Det er eit langsiktig arbeid, men vi er i gang. Vi håpar mange vil hjelpe med å dele bodskapen når kampanjen startar, og at mange vågar å ta den praten når dei er bekymra for nokon rundt seg, seier seniorrådgivar i Helse Vest RHF, Carina Paulsen Mæland.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.