Kampanje for å førebyggje sjølvmord nådde mange

Ein av tre vestlendingar fekk med seg Helse Vest sin kampanjen for å førebyggje sjølvmord. – Vi er glade for at vi når ut med informasjon om at det er hjelp i å snakke om sjølvmordstankar.

​– Truleg er folk meir mottakelege for informasjon om sjølvmordsførebygging no enn for få år sidan. No er kunnskapen i befolkninga betre, men dette haldningsarbeidet tar lang tid, seier Carina Paulsen Mæland, seniorrådgjevar i Helse Vest RHF og leiar av den regionale arbeidsgruppa.

Bryte ned stigma

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem. I Noreg døyr om lag 600 menneske av sjølvmord kvart år. Det er nesten fem gonger så mange som i trafikken. Det blir antatt at mellom 3500 og 7500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Tala er stabile over tid, og det er ingen større regionale forskjellar.

På bakgrunn av dette blei det i desember og januar gjennomført ein ny folkeopplysningskampanje for førebygging av sjølvmord i regi av Helse Vest. Kampanjen skulle bidra til å bryte ned stigma, og skape forståing for at det ikkje er farleg å snakke ope om sjølvmordstankar, og kor viktig det er å ta den potensielt livreddande samtalen.

Opplysing om at det er hjelp å få, og kor hjelpa finst var også eit viktig bodskap.

Sjå meir informasjon på kampanjesida

Positive tendensar

Ei spørjeundersøking, gjort av Respons Analyse etter kampanjeperioden, viser at 36 prosent av innbyggjarane på Vestlandet fekk med seg kampanjen. Det svarar til nesten 400 000 vestlendingar, og er dobbelt så mange som i ein liknande kampanje i 2019.

Undersøkinga, som er gjort blant 1011 privatpersonar over 18 år busett i Rogaland og Vestland, viser ein klar tendens til at fleire veit at openheit om sjølvmordstankar er viktig og fleire veit kor dei kan vende seg for å få hjelp.

Godt samarbeid avgjerande

God forankring er ein viktig grunn til at kampanjen nådde ut breitt. Både fagfolk innan psykisk helsevern og kommunikasjon har engasjert seg, vore pådrivarar og bidratt med solid kompetanse i kampanjen.

– Samstundes ser vi potensiale i å få med endå fleire eksterne samarbeidspartnarar, også dei som ikkje direkte arbeider med psykisk helse, seier Mæland,

Kampanjen blei forankra i helseføretaka og hjå samarbeidspartnarar. Alle helseføretaka har hatt eigne arbeidsgrupper for kampanjen, og det vart sendt informasjon til kommunar, fastlegar, avtalespesialistar, brukarorganisasjonar, politi og brannvesen.

I tillegg hadde ein også denne gongen eit godt samarbeid med Rogaland fylkeskommune og NSSF (Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging).

Stort engasjement

Folkeopplysningskampanjen besto mellom anna av korte videoar med kjende personar, som Maud Angelica Behn, Kristoffer Joner og Erik Thorstvedt. Dei appellerte til openheit om sjølvmordstankar. Filmane vart delt på Facebook, Instagram, SnapChat og YouTube, og vekte stort engasjement.

– Mellom anna nådde videoane nesten to millionar på Facebook. Mange delte innlegga vidare, noko som gjorde at kampanjen har nådd langt utover dei vi vanlegvis når i våre kanalar, seier Mæland.

Arbeidet held fram nasjonalt

Sjølv om kampanjen har bidratt til å byggje ned stigma og auke openheit om sjølvmordstankar, er arbeidet med haldningsendringar langt frå ferdig.

Helsedirektoratet har fått oppdraget med å halde fram arbeidet med sjølvmordsførebygging nasjonalt. Helse Vest vil bidra, mellom anna med å dele erfaringar og læringspunkt. For sjølv om kampanjen var vellukka, peikar evalueringa på fleire forbetringspunkt. Mellom handlar det om å spissa bodskapen for å nå fleire menn og unge framover.