Klima - og miljøtiltak er også viktig på sjukehusa

Ei utbreidd oppfatning er at helsevesenet har så mykje å gjere at dei blir fritatt frå å tenka på miljøet. Her svarar dei fire administrerande direktørane i Helse Vest, Nord, Midt og Sør-Øst på kvifor miljøtiltak på sjukehusa er viktige, og ikkje berre for miljøet i seg sjølv.



Håmd som leser seg mot en bordplate. Foto.
Foto: Helse Vest / Merethe O. Clausen, Impress

«Globalt står norsk helsevesen for mer utslipp enn luftfart og shipping til sammen og har ingen samlet klimaplan»

Påstanden kunne ein lese i media sist veke. Saka var laga i forbindelse med lansering av ein rapport frå «Grønt Helsevesen», eit prosjekt med støtte frå Universitetet i Bergen.

Ja, det er eit stort utslepp i norsk helsevesen. Spesialisthelsetenesta er den største eigedomsforvaltaren i staten, med ei samla bygningsmasse på 4,9 mill. m2 . Me er også, ikkje overraskande, av dei i Norge som kjøper inn mest utstyr, materiell, varer og tenester. Rekninga endar på 28 milliardar kroner i året. Men ved å vektleggja miljøet både i bygga me eig og i innkjøpa me gjer, kan me vera med på å gjera ein forskjell.  

For med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set sjukehusa våre eit solid avtrykk. Potensialet vårt for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet, er omstilling naudsynt. Heldigvis har mykje skjedd dei siste 10 åra, og endå meir ventar fram mot 2030.

For sidan 2018 har alle sjukehusa i landet rapportert til eit felles, nasjonalt klimarekneskap. Dette har gjeve oss verdifull oversikt og ikkje minst, ei moglegheit til å sjå utviklinga og gjere naudsynte korrigeringar der det trengs. Eit av sjukehusa som alt har gjort store kutt, er Sunnaas sykehus. Sidan 2013 har dei redusert utsleppa sine med 51 prosent. Dei er med det det fyrste sjukehuset i landet å passera 50 prosent klimakutt.

Frå 2019 til 2020 kutta sjukehusa over 37 000 tonn CO2. For å setja det i perspektiv, er det årlege utsleppet frå St. Olavs hospital åleine om lag 30 000 tonn. Kutta vart gjort i eit år utanom det vanlege, med pandemi og unormalt høge temperaturar. Men det viser kva som er mogeleg å få til.

Ei utbreidd oppfatning er at helsevesenet har så mykje å gjere at dei blir fritatt frå å tenke på miljøet. Sjukehustilsette har meir enn nok å fylla arbeidsdagen sin med. Men sjølv om pasientbehandling er det aller viktigaste me gjer, heng pasientsikkerheit og miljøarbeid tettare saman enn du kanskje skulle tru. Og effektfulle miljøgrep handlar ikkje nødvendigvis om tidsbruk, men om endra tankesett og nye måtar å gjere det daglege arbeidet på.

For når me arbeider med å kutta i antibiotikabruk, å redusera infeksjonar eller tilby polikliniske konsultasjonar digitalt gjer me to ting på same tid – me oppfyller mål i pasientbehandlinga, samtidig som me tek meir omsyn til klimaet, fordi desse grepa fører til mindre forbruk og reising.  I 2020 leverte 6,8 millionar pasientar inn reiserekning til sjukehusa. Men dei siste åra har talet på konsultasjonar over video og telefon auka i alle regionar.

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, ifølge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen me står framfor. Difor skal eit samla sjukehus-Norge no setja felles mål for kutt av CO2-utslepp. Kutta vil vere forankra i FN sine berekraftsmål, og vil dreia seg om alt frå å redusera energiforbruket og auka delen gjenvinningskraft, til å kutta i matsvinn, å utvikla digitale helsetenester, å få fossilfrie sjukehus og at majoriteten av produkta me kjøper inn ikkje skal innehalda eller føra til utslepp av helse- og miljøskadelege stoff.

Mykje må gjerast før me når alle måla våre. Men me er i gang, og me har tilsette som ynskjer å gjera ein forskjell.  Me skal gjera vårt for å redusera utslepp frå eiga drift og på den måten vera med på å sikra framtida til dei som kjem etter oss.  

Av 

Administrerande direktør i Helse Vest RHF,​ Inger Cathrine Bryne, 
Administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF, Terje Rootwelt 
Administrerande direktør i Helse Midt-Norge, Stig A. Slørdahl
Administrerande direktør i Helse Nord RHF, Cecilie Daae.