No kan du nominere kandidatar til Utdanningsprisen for 2021

No er det mogleg å nominere kandidatar til utdanningsprisen i Helse Vest for 2021. Fristen for å nominere kandidatar, er sett til 20. oktober.

​Helse Vest deler kvart år ut ein utdanningspris. Formålet med prisen er å fokusere på den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka, og gi merksemd til eit tiltak som på særleg godt vis framhever dette. Tiltaket som blir premiert må i samhandling heve og fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Utdrag frå statuttane

Prisen kan bli gitt til grupper, team og klinikkar som ved ulike initiativ/tiltak har gjennomført ein betydningsfull innsats for utdanning i verksemdene i føretaksgruppa i Helse Vest.

Prisen er open for utdanningstiltak retta mot alle grupper, som studentar i
grunnutdanning, spesialistutdanning, praksistiltak, opplæring og vidareutvikling av
medarbeidarar, i tillegg til etter- og videreutdanningar.

Statuttar for utdanningsprisenNominasjonar kan sendast på e-post til sekretariatet ved Samarbeidsorganet for utdanningLes meir om Utdanningskonferansen 2021