No kan du søkje regionale innovasjonsmidlar

Helse Vest lyser i 2021 ut inntil 14 millionar kroner til innovasjonsprosjekt. Utlysinga opnar for eit breitt spekter av innovasjonsprosjekt. Søknadsportalen eSøknad er no open, og fristen er 10. mars kl 16.00.

Kvinne i kvit frakk som peikar på sirkel. Foto

Du kan søke støtte til nye innovasjonsprosjekt eller «idéoverføring» - midlar til å innføre innovative løysingar som eit anna helseføretak allereie har tatt i bruk.

Rekordstor pott

For 2021 har Helse Vest satt av inntil 14 millionar kroner til regionale innovasjonsprosjekt. Det er 4 millionar meir enn ved sist utlysing. At beløpet er auka, er eit tydeleg signal om at innovasjon er ein viktig del i utviklinga av gode og framtidsretta helsetenester.

– At potten er auka, betyr at endå fleire gode innovasjonsprosjekt kan gjennomførast, og vi håpar dette bidrar til at mange vil søkje i år, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest.

To kategoriar

Nytt av året er òg at det er mogleg å søkje innovasjonsmidlar i to prosjektkategoriar. Den første er «nye innovasjonsprosjekt», kor du kan søkje inntil 1,2 millionar kroner til nye prosjekt i eige helseføretak.

I tillegg er det mogleg å søkje innovasjonsmidlar i kategorien «idéoverføring». Her kan du søkje inntil 400 000 kroner til å innføre gode innovasjonsløysingar frå andre helseføretak.

– Det er allereie mykje god og viktig innovasjon i Helse Vest og i Helse-Noreg, og i denne kategorien vil vi stimulere til meir læring på tvers av helseføretaka. Å kopiere gode løysingar frå andre helseføretak, kan vera ei svært god kjelde til å forbetre tenesta. Vi håper mange nyttar sjansen til å søke om prosjektmidlar i denne nye kategorien, seier Bryne.

Prioriterte område

Helse Vest sin strategi (Helse2035) og Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023 (lenkje til regjeringen.no) er grunnlaget for satsingsområda som er prioriterte i årets utlysing.

Då helse- og omsorgsminister Bent Høie heldt den årlege sjukehustalen nyleg, trekte han fram Nasjonal helse- og sjukehusplan og peika på kor viktig det er at vi klarer å vidareutvikle helsetenesta.

– Planen trekker opp kva for utfordringar vi står overfor i helsetenesta, og kva for retning vi må gå framover for å løyse desse. Pandemien viser endå tydelegere at temaa i den nasjonale helse- og sjukehusplanen og behova for tiltak er høgst aktuelle. Vi kan løyse oppgåvene på nye måtar gjennom meir bruk av teknologi, sa han.

Inger Cathrine Bryne seier at dette er tematikk som er løfta fram i utlysinga av innovasjonsmidlar for 2021.

– Samstundes opnar utlysinga for eit breitt spekter av innovasjonsprosjekt. Dei tematiske satsingane er breie og her er det rom for mange til å søke, avsluttar Bryne.

Les meir om utlysinga av regionale innovasjonsmidlar for 2021