Ny frist for å søkje prosessrettleiing

Skal du i gang med eit tenesteinnovasjonsprosjekt, og skulle gjerne hatt rettleiing og verktøy? Neste søknadsfrist for prosessrettleiing er 4. juni 2021. 

Illustrasjon med tannhjul.

InnoMed skal først og fremst arbeide med tenesteinnovasjon i skjeringspunktet mellom kommunar og sjukehus. Det betyr at InnoMed prioriterer samhandlingsprosjekt.

Sjå video frå InnoMed

InnoMed er eit nasjonalt kompetansenettverk for behovsdriven innovasjon innanfor helsesektoren. Dei fire regionale helseføretaka eig og driv InnoMed saman med KS.

Les om eHjerteRehab som har fått støtte

Fire gonger i året kan du søkje om prosessrettleiing frå InnoMed. Neste søknadsfrist er 4. juni 2021.

Meir informasjon finn du på InnoMed sine heimesider.