Det er Folkehelseinstituttet som har bestemt kriteria for kven som skal vaksinerast. Helseføretaka vurderar kva helsepersonell som vil vera omfatta av gjeldande tilråding. Det vil i hovudsak dreia seg om tilsette i døgninstitusjonar som behandlar sårbare pasientar over tid. Hovudhensikta er å verna pasientar med særleg høg risiko for å bli alvorleg sjuk.
Sjukehusa i Helse Vest får tildelt Comirnaty (Pfizer). Det er helseføretaka som organiserer og gjennomfører vaksinasjonen, og dei vil følgja rettleiinga frå Folkehelseinstituttet.
Vaksinasjonen startar så snart det er praktisk mogleg. Arbeidet for å få fleire dosar til spesialisthelsetenesta vil halda fram.
Fordelinga av nye dosar mellom føretaka i Helse Vest blir slik
Helse Førde: 936 dosar
Helse Bergen: 4 578 dosar
Helse Fonna: 1 458 dosar
Helse Stavanger: 3 432 dosar
Talet er bygd på seks dosar per hetteglas - og vil sjølvsagt auka om det er mogleg få ut sju dosar per hetteglas.