Ber interesseorganisasjonar seia si meining om Ekspertpanelet

Etter evaluering av Ekspertpanelet ber dei fire regionale helseføretaka om innspel frå relevante interesseorganisasjonar.

Ekspertpaneletet er ei nasjonal ordning som gir pasienter med avgrensa levetid mogelegheit for ei ny vurdering.  Foto: Kjetil Alsvik

​I 2018 gav Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) Helse Vest RHF, i samarbeid med dei andre regionale helseføretaka, i oppdrag å etablera ei nasjonal ordning med eit ekspertpanel i spesialisthelsetenesta. Gjennom Ekspertpanelet​ kan pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom få ei ny og ekstra vurdering av kva som er mogeleg behandling. 

Evalueringsrapporten ​​klar

I 2021, tre år etter at oppdraget med å etablera Ekspertpanelet kom, fekk dei fire regionale helseføretaka eit nytt oppdrag frå departementet:

«Dei regionale helseføretaka blir bedne om å evaluere Ekspertpanelet og vurdere endringar i mandatet. Det vert lagt til grunn at pasientar med ALS også skal bli omfatta av ordninga. Helse Vest RHF skal leie arbeidet.»

Evalueringa er gjennomført med styring og ressursar frå Helse Vest, saman med dei tre andre regionale helseføretaka, og med innleigd hjelp frå rådgjevingsselskapet PwC, som Helse Vest har rammeavtale med. Årsaka til at ein hentar inn ein ekstern aktør er fordi ein ynskjer eit blikk utanfrå på korleis Ekspertpanelet og den nasjonale bruken av det fungerer.

Les rapporten frå PwC

Dei fire regionale helseføretaka har i lys av evalueringsrapporten laga eit supplerande dokument der dei går gjennom tiltak for å forbetra og utvikla Ekspertpanelet​​.

Før dei regionale helseføretaka sender dokumentet med si endelege tilbakemelding til HOD, ynskjer me innspel frå relevante interesseorganisasjonar. Frist for tilbakemeldingar er 31. januar 2022.​

Slik går du fram: 

Send oss din organisasjon sine synspunkt slik at den er hjå oss seinast mandag 31. januar. Merk det med «Ekspertpanelet»

E-post

helse@helse-vest.no 

Post

Helse Vest, 
Postboks 303 Forus 
4068 Stavanger

​​